Hopp til innhold

Trur på meir utbygging og mykje trafikk

Korkje ordføraren i Stryn eller leiaren i lastebileigarforbundet trur vegvesenet si satsing på Hemsedalsfjellet blir slutten for trafikk over Strynefjellet.

Rolf Tenden og Sven Flo

FRAMTIDSTRU: Både Rolf Tenden og Sven Flo (t.h.) trur vegen over Strynefjellet vil ha viktige funksjonar også i framtida.

Foto: Montasje: NRK

– Køyremønster er vanskeleg å endre. Folk vel den traseen dei meiner er riktig og best, ut ifrå kvar dei bur og kvar dei skal levere varer. Strynefjellet vil ha sin prioritet og virke, sjølv om Hemsedalsfjellet blir prioritert, seier leiar i Norsk Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane, Rolf Tenden.

Statens vegvesen har gått gjennom alle fjellovergangane, for å vurdere kor det skal satsast i framtida. Svaret var at Haukeli og Hemsedal i framtida blir hovudfartsårene mellom aust og vest. På lang sikt inneber det planar om ein 20 kilometer lang tunnel under Hemsedalsfjellet og bru mellom Fodnes og Mannheller. Det utløyste jubel i Sogn.

På sin presentasjon av aust-vest utgreiinga skreiv leiar for utvalet, Hans Silborn at Strynefjellet sin betydning minkar når ferjefri E39 er klar.

– Det er konkurranse mellom Riksveg 5 Hemsedal og Strynefjellet om trafikken frå Sunnmøre. Samstundes har Strynefjellet eiga nytte. Men nytta er mindre enn kostnaden, sa Silborn på presentasjonen i ettermiddag.

Trur framleis på nybygging og sikring av Strynefjellsvegen

Men ordførar i Stryn, Sven Flo, vil ikkje vere med på at rapporten er dårlege nyhende for dei som heiar på Strynefjellet.

– Vi tolkar ikkje dette som at Strynefjellet nødvendigvis blir nedprioritert. Absolutt ikkje. Vi har sett på innhaldet i rapporten, og ser tydeleg at vurderinga er at Strynefjellet har ein noko anna funksjon enn dei anbefalt valde traseane lenger sør for oss.

Som døme nemner han tettare kopling mellom regionar i Oppland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, ein viktig transportfunksjon og stor kollektivtransport, mellom anna til Trondheim. Ordføraren har difor stor tru på at opprustinga av Strynefjellsvegen, som har feira fleire sigrar dei siste åra, også kan få pengar i framtida.

– Det er eit spanande og framtidsretta vegprosjekt, og eit lite investeringsprosjekt. Vi snakkar om tre til fire milliardar, langt mindre enn mange andre vegprosjekt. Vi vil framleis jobbe målretta for nye tunnelar og rassikring. Vi er i høgste grad optimistar, seier Flo.

Skryt til vegvesenet

Rolf Tenden seier lastebileigarane i framtida vil velje det som er mest fornuftig kostnadsmessig. Han er nøgd med at det kan bli mogleg å køyre ferjefritt over, og på lang sikt kanskje gjennom, Hemsedalsfjellet.

– Det er positivt at dei tenkjer avløysing med bru i staden for ferje. Eg ser berre positivt på at vegvesenet har kreative og gode innspel. Det er positivt at dei vel trasear som dei vil satse på, og er konkrete på det. Vi får ikkje alt vi vil ha, men eg trur alle blir nøgde om vi får nokre vegar vi kan stole på og som vi veit vi kjem oss gjennom, seier Tenden.