Hopp til innhold

Trur ikkje på ein sesong utan tap

Handballjentene til Jotun har aldri gått uovervunnen gjennom ein sesong i dei to øvste divisjonane. Sjølv etter 14 strake sigrar trur ikkje sportsleg leiar, Torstein Kvam, at det skjer i år heller.

Sportsleg leiar Torstein Kvam og trenar Olafur Sveinsson

SUVERENE: Olafur Sveinsson har så langt leia handballjentene til Jotun gjennom ein sesong utan serietap. Sportsleg leiar Torstein Kvam (t.v.) trur ikkje laget går sesongen igjennom utan å avgje poeng.

Foto: Siren B. Svortevik

Årdalslaget valsa over, og vann som dei ville mot eit tafatt Bergen HK lag laurdag. Dette var laget sin 14. siger – av 14 mogelege.

Jotun er i godt i rute for ein historisk sesong.

– Vi har aldri gått igjennom sesongen utan tap. Det næraste var vel sist vi rykte opp då vi tapte ein og spelte ein uavgjort, seier sportsleg leiar Torstein Kvam.

– Trur ikkje det går

– Men når det er sagt, så trur eg ikkje vi klarer ein sesong utan serietap. Det har vore nære på eit par gonger. No har vi att fire tøffe bortekampar mot Os, Stord, Åsane og Årstad, også, seier Kvam.

I desse bortekampane ventar Kvam at motstanden vert langt sterkare enn det Bergen HK viste seg å vere i Årdalshallen laurdag. Etter å ha leia 5–0 etter ti minuttar, stod det 14–4 til pause.

Då dommaren blåste av lyste det 24–15 på resultattavla.

– Kunne blitt mykje meir

Nok ein gang fekk ungjentene godt med speletid. Og nok ein gang viste dei at dei tek nivået godt.

Rebecca Brun Steinheim

TOPPSCORAR: Rebecca Brun Steinheim.

Foto: Siren B. Svortevik

Ein skadd Agnieszka Tyda vart spart til ein langt tøffare kamp, Stord til helga. Toppscorarar for årdølane vart Rebecca Brun Steinheim (10) og Marianne Stedje Øren (6). I tillegg viste lånekeeper Cecilie Lykke Silseth Danielsen gode takter mellom stengene.

– Faktisk vart det like mykje speletid på alle jentene. Hadde vi toppa laget heile vegen, så hadde det blitt mykje meir, seier Kvam.

Kjempesmell

Med åtte kampar att av sesongen, er det berre ein kjempesmell som kan hindre grøntrøyene kvalifiseringsspel om opprykk til 1. divisjon. Jotun leiar divisjonen med åtte poeng på Os.

Midt på tabellen ligg derimot Stord med tre kampar mindre spelt, og 14 poeng mindre poeng enn Jotun.

– Stord veit vi lite om, men dei er dei einaste som har sjanse til å ta oss att. Kampen i helga blir heilt avgjerande, seier Kvam som ikkje sluttar å la seg imponere over sesongen damelaget ser ut til å leggje bak seg.

– Minst, men best

Troppen tel 12 spelarar, noko som er i tynnaste laget. Dei har mange unge spelarar i stallen, men desse har vist å takle nivået når sjansen byr seg.

– Vi har truleg den minste stallen, men har dei 12 best trente jentene i divisjonen. Dei står løpet ut i kvar einaste kamp, seier Kvam og tykkjer trenar Olafur Sveinsson har gjort ein solid jobb med det unge mannskapet.

Må styrke stallen

Med liten tropp er laget også utsett når spelarar blir skadde. Dette er noko Jotun i stor grad har gått klar i år.

– Der er det treninga kjem inn. Jentene er godt trena, og dei er rett trena. Då får du ikkje mykje skader, seier Kvam og avslutningsvis legg til:

–Men det er klart at dersom vi klarer opprykk, så må vi hente inn ein tre-fire spelarar til for å stå rusta for 1. divisjon.

P.S. Førde, som ligg trygt plassert midt på tabellen, møter fredag Bergen HK i Førdehuset.