– Vi har gjort undersøkingar etter påstandane til Frank Willy Djuvik. Vi får tilbakemeldingar, frå fleire hald, at saksbehandlinga går slik som ho skal, og at Førdepakken er i rute. Det er den breie tilbakemeldinga vi får frå ulike kjelder, seier Grotle.
Førdepakken er eit vegprosjekt for å betre tilhøva for gjennomgangstrafikken og lokaltrafikken. Det vil også bli ei oppgradering av vegane i sentrum. Tanken er at om lag 1 milliard av totalprisen på 1,5 milliardar skal kome frå bompengar.
Lokal- og regionalpolitikarane, med unntak av Frp, har sagt ja. Skal det bli bompengar, må også Stortinget seie ja.
– Kjelder på «høgt nivå»
Søndag gjorde Frp sitt landsmøte vedtak om at bypakkeordninga berre skal gjelde for dei ni største byområda, og at andre stader ikkje kan delta i ordninga. Førstekandidat til fylkestinget for Frp, Frank Willy Djuvik, meiner det gjer at bompengar ved bruk av bypakkeordninga ikkje blir aktuelt for Førde.
Men Høgre-ordførar Grotle seier dei har fått signal frå kjelder på «ganske høgt politisk nivå» om at Djuvik tek feil.
– Vi får tilbakemelding om at Førdepakken blir behandla som tenkt, og at vi er inne i ein sluttfase, seier Grotle.
– Førdepakken får svært gode karakterar
Grotle meiner deira sak har vorte styrka gjennom dei siste månadane.
– Førdepakken har nettopp vore gjennom ei sokalla KS2-vurdering, ei kvalitetssikringsvurdering. Det arbeidet enda med svært gode karakterar, seier ordføraren.
Bompengeringen rundt Førde har vore planlagd i fleire år. I går sa styreleiar i Førdepakken, Oddvar Flæte at han har vorte forsikra at eit utkast til proposisjon til Stortinget er på høyring mellom departementa. I dag seier Grotle det same.
– Vi har forstått at vi er inne i ei sluttbehandling, der det er tale om å gjere ferdig den proposisjonen som skal sendast til Stortinget. Vi håpar det kan skje i vårsesjonen, altså før sommarferien.
Trur Djuvik tek feil
Frank Willy Djuvik sa i går at han trur innstillinga frå regjeringa til Stortinget blir negativ.
– No har vi styringa i både Finansdepartementet og Samferdsledepartementet. Det er lite som tyder på at det vil kome noko positiv innstilling derifrå, sa Djuvik.
– Frank Willy Djuvik har fleire gonger tidlegare tydleg signalisert at departementet vil stogge Førdepakken. Men det har vist seg å ikkje stemme. Så inntil vi får andre signal frå andre hald, legg vi til grunn at det han seier om Førdepakken ikkje er riktig denne gongen heller, seier Grotle.