Hopp til innhold

Trur folk kan miste sympatien for aksjonistane

«Ein velregissert mediekampanje», sa aktor då rettssaka mot gruveaksjonistane starta torsdag. Jusprofessor trur folk fort kan miste sympatien for aksjonistar.

Her blir ein aksjonist bore ut.

AKSJON: Aksjonistane i Vevring tok i bruk sivil ulydnad då dei lenka seg fast. Mange fekk bøter, og fleire nekta å godta desse. No startar rettssakene mot dei.

Foto: Fredrik Helland / NRK

I dag møter dei første av totalt 17 gruveaksjonistar i Sogn og Fjordane tingrett.

Totalt blei 84 arresterte etter at dei i vår lenka seg fast mot det omstridde gruveprosjektet til Nordic Mining ved Førdefjorden.

Mange av desse nekta å godta bøtene dei fekk på 10.000 kr og må difor møte i retten. Ingen av dei vedgår straffskuld.

Magnar Falkenstein frå Sunnfjord er ein av dei som lenka seg fast.

– Eg håper framleis å redde Førdefjorden, men håper også dette på lengre sikt kan ha ein effekt, seier han, og viser til at sivil ulydnad historisk sett kan ha ein stor effekt.

Har stogga arbeidet

KAMP: Magnar Falkenstein (i midten) ville heller i fengsel enn å betale bota han truleg endar med å måtte betale. – Det har meir slagkraft, seier Falkenstein.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Totalt har 65 aksjonistar blitt dømde for aksjonar ved Førdefjorden sidan 2016.

Kan skape antipati

Sivil ulydnad kan føre fram, men som regel stoppar ikkje aksjonistane prosjekt, men forseinkar dei.

Det seier Stig Harald Solheim, jusprofessor ved Noregs arktiske universitet.

– Eg trur at om aksjonane skjer for ofte og verkar lite spontane, så kan det nok skape litt sympati, men også antipati, seier han.

Han viser til at folk som vanlegvis ville ha lytta til aksjonistane, kan bli mindre villige til det.

– Det er eit tviegga sverd.

Stig Harald Solheim

KAN MISTE SYMPATI: Jusprofessor Stig Harald Solheim trur ikkje aksjonistar berre får sympati om det blir for mange aksjonar.

Ofte kan mediemerksemda vere vel så viktig for dei som aksjonerer, meiner Solheim.

Historisk blir ofte Alta-aksjonen nytta som eit slikt døme. Her skapte aksjonen sympati for samane og deira sak.

John Reidar Nilsen, forskar ved det juridiske fakultet i Bergen, ser at ulovlege aksjonar sjeldan fører til at vedtak blir gjort om. Derimot vil mediemerksemda vere med å få fram saka til aksjonistane.

– Det kan også føre til at ein framtida ser annleis på slike saker, seier Nilsen.

Vidar Strømme, fagdirektør i Norges institusjon for menneskerettar (NHRI), seier sivil ulydnad kan bli oppfatta som udemokratisk, men at det er ein demokratisk framgangsmåte så lenge det går fredeleg for seg.

– Velregissert mediekampanje?

Aktor Lisa Førde Refsnes kallar aksjonen ein «velregissert mediekampanje» frå Natur og Ungdom. Ho seier til NRK at saka fekk ei «massiv» mediemerksemd då aksjonistane lenka seg fast og vart fjerna av politiet.

– Og på siste dagen opplyste aksjonistane at dei hadde sendt eit brev til departementet med varsel om søksmål. Alt dette skjedde samstundes med dei politiske prosessane.

Medan forsvarar til aksjonistane meiner dei handla i naudrett, avviser aktor dette.

– Dei hadde handlingsalternativ, sidan dei også hadde varsla eit søksmål, seier aktor.

Frå vesntre: Mali Regine Børset (20) og Emma Hinderaker Pedersen (21).

AKSJONISTAR: Frå venstre Mali Regine Børset (20) og Emma Hinderaker Pedersen (21).

Foto: Oddleif Løset / NRK

Fredag møter dei ti neste aksjonistane i tingretten, mellom anna Mali Regine Børset (20) frå Natur og Ungdom.

Ho vil ikkje betale bota fordi ho meiner ho er uskyldig.

– Men gruveselskapet har eit lovleg fatta vedtak, og de har også fått åtvaring om bøter om de lenka dykk fast. Er ikkje bøtene berre noko de må akseptere?

– Eg ser på sivil ulydnad som ein tryggleiks- ventil i demokratiet. Sjølv om eit vedtak er lovleg fatta, betyr det ikkje at det er rett.

– Kva effekt har sivil ulydnad?

– Historisk ser vi at folk har fått gjennomslag for mange sivile rettar gjennom dette, seier Børset, som risikerer eit bot på 12.500 kroner.

Natur og Ungdom seier formålet er å redde Førdefjorden, men også eit permanent forbod mot sjødeponi.