Hopp til innhold

Butikken til Monica er øydelagt av flaumen: – Livsverket fell i grus

Flaumen har herja over store delar av Vestlandet. Monica Bjørsvik måtte sjå butikken sin bli øydelagt.

Evanger butikk

ØYDELAGT: Frysedisken velta av alt vatnet, og alt innhaldet står ikkje til å redda.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

– Me har jobba i åtte år for å få denne butikken oppe og gå. Så dette er livsverket som fell i grus, seier Monica Bjørsvik.

Ho eig og driv butikken Evanger landhandleri, som no er hardt råka av flaumen natt til laurdag.

Voss landhandleri opna i oktober 2014. Tre veker etter opninga, var det ein stor flaum som medførte 40 cm vatn i butikken.

Denne gongen var det opptil 60 cm vatn, og alt av elektrisk anlegg er kortslutta.

– Me er butikken for distriktet. For Evanger, Bolstad, Bulken. Her er det mange som er avhengig av butikken, seier Bjørsvik.

Evanger butikk

Det er store vasskadar i heile butikken.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Med tårer i augo viser ho fram kor stor skade flaumen har gjort på butikken. Mange frivillige stilte opp for å hjelpa til.

Mange varer er stabla langt høgare enn kvar dei pleier å stå, men det var ikkje nok. Mange varer er øydelagt, og det elektriske anlegget er kaputt.

– Me gjorde det me kunne, seier Bjørsvik fortvila.

– Det er noko drit

Ho er ikkje den einaste som har fått flaumen på nært hald. Kirsti Buset på Voss har jobba gjennom natta for å bli kvitt vatnet i kjellaren.

– Nei, kva skal ein seie? Det er noko drit, seier Kirsti Buset.

I kjellaren på Haugamoen på Voss står ho med gummistøvlar medan seks vasspumper jobbar for harde livet.

Kirsti Bruset

Kirsti Buset og Jarle Rogne har jobba gjennom natta for å pumpe ut vatnet. Golvet er øydelagt.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Les også Sjå bileta frå lufta – sånn ser Voss ut etter flaumen

Voss etter flaum

Råka av flaumen i 2014

Dette er ikkje fyrste gong Kirsti Buset og Jarle Rogne har latt kjellaren sin møta det våte element.

I 2014 var det ein 200-årsflaum på Voss, som gjorde at vatnet trengde seg inn i kjellaren.

Då måtte dei pumpa ut vatnet, og pussa opp. Det same må dei gjera i år.

– Me har ikkje noko val, seier Rogne.

– Han har eigentleg lyst å legga sement i heile kjellaren, men det blir nok å pussa opp ja, spøker Buset.

Kirsti Buset

Seks pumper må til å fjerna vatnet frå kjellaren.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Vasstanden på Voss er noko lågare enn i 2014, men andre stader som i Evanger og Skulestadmoen er det truleg den største flaumen i moderne tid.

Det var i 18-19-tida flaumen for alvor gjorde inntrykk. Då trudde dei det skulle gå bra, men i løpet av natta kom det meir og meir grunnvatn inn i kjellaren.

– Kor mykje arbeid har de hatt med dette?

– Me har jobba i heile natt med både pumper, rydding og måking av vatn.

Sivilforsvaret pumpar vatn

På utsida av huset pumpar Sivilforsvaret ut vatn frå kjellaren.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Redda vinkjellaren på hotellet

Park hotell på Voss ligg nære Vangsvatnet, og er utsett når det blir flaum.

Sigbjørn Slåtten er eigarrepresentant på hotellet, og viser fram vinkjellaren. Her ligg det vin verdt fleire titals millionar kroner, ifølge Slåtten.

Under flaumen i 2014 kom vatnet inn i vinkjellaren, og flasker og kassar flaut rundt.

I natt har dei tilsette flytta all vinen opp frå golvet så det ikkje skulle skje igjen. Rundt 25 tusen flasker ligg i vinkjellaren.

Sigbjørn Slåtten, Park hotell

Møterommet på Park Hotell fekk store skader i løpet av natta.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Det kom aldri vatn inn i vinkjellaren, men møtearealet fekk vasskadar.

– Det kunne gått mykje verre. Så det er ikkje så mykje å gjera enn å gå på igjen, seier Slåtten.

Både Voss kulturhus og dei to nye fotballbanane er òg råka av mykje vatn.

Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb(til venstre) og Hallgeir Finbråten, dagleg leiar FBK Voss, ser at det er store skader fleire stader, mellom anna på desse fotballbanene.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb og dagleg leiar på FBK Voss, Hallgeir Finbråten framfor fotballbanen.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Det er uvisst kor mykje skade flaumen har gjort, men i 2014 var prislappen rundt 500 millionar kroner.

– Det er store materielle skader i private og offentlege bygg. Det vil koste mange millionar, seier ordførar i Voss Herad, Hans-Erik Ringkjøb (Ap) til NRK.