Hopp til innhold

Trivst godt med underdogsstempelet

SOGNDAL (NRK): Det er vel heller regelen, enn unnataket. Sogndal Fotball er spådd ein svært tung comebacksesong i Eliteserien.

Rune Bolseth på trening i Sogndal

KLARE: Med sesongopninga borte mot Bodø/Glimt i helga, startar Sogndal-spelarane med å motbevise pessimistiske spådomar. – Eg trur vi vil overraske i år, seier kaptein, Rune Bolseth (i midten).

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi visste at vi ville hamne på dei tre-fire siste plassane, uansett korleis vi har sett ut i vinter. Etter at vi rykka opp mot Hønefoss i november i fjor, har vi vore vel klar over at det ville komme. Uansett korleis vi såg ut i vinter, humrar «sjuande far» i Sogndal-troppen, kaptein Rune Bolseth (35).

– Men vi har planer om å gjere tipsa til skamme, legg han til.

– Som venta

Som Sogndals eldstemann er det ikkje første gang at sandensaren kommenterer tabelltipsa før toppfotballen byrjar å rulle att.

Dei aller fleste tippar ein svært tung sesong. Bettingselskapa kjenner seg tryggast på at heislaget vil vere tilbake i 1. divisjon neste sesong. Tipsa er som venta, seier Bolseth.

– Vi er nyopprykka og minst i klassen i høve budsjett og storleik på bygda, seier Bolseth.

VG og TV2 positive

Mest optimistisk er Romsdals Budstikke og Bergens Tidende, med Sogndal på 9. og 10.-plass. I VG trur sportsjournalist Knut Espen Svegaarden at Eirik Bakke vil leie Sogndal til fornya eliteseriekontrakt, i sin første sesong som trenar i eliteserien.

– Fire lag skil seg ut i toppen, og fire på midten. Så er det åtte jamne lag på nedre halvdel. Vi føler tre-fire lag er minst like svake som Sogndal, seier han.

– Dei hadde ein bra sesong i fjor, vann Obos-ligaen overlegent. Dei har også eit bra innspelt lag, sjølv om dei har mista nokre sentrale spelarar, legg han til.

Elskar

– Men mest interessante er at Sogndal er annleis på to andre område. Dei har funne sin plass, og aksepterer at dei går opp og ned. Og så elskar dei å bli tippa ned, seier Svegaarden.

Det seier Bolseth seg samd i. VG var mellom dei som i 2004 og 2014 stilte høgare forventingar til Sogndal. Begge sesongane enda i nedrykk.

– Er det litt godt å bli tippa nord og ned att, Bolseth?

– Ja, det spørst om det ikkje er ein fordel for oss. Vi trivast godt med underdogstempelet. Men eg trur ikkje det har noko å seie.

– Vi vil overraske

– Vi er mest opptekne av kva vi gjer i kvardagen og korleis vi skal utvikle oss som lag. Så får vi telje opp i november, held Bolseth fram.

– Kvifor skal Sogndal gjere det betre enn nedrykksplass?

– Vi jobba godt i heile fjor, har same gode trenarteamet som i fjor og så er det ikkje i spelarstallen i Sogndal at det har vore største utskiftingar i Tippeligaen. Vi er ein bra stamme som vil noko heile gjengen. Eg trur vi vil overraske.