Hopp til innhold

Treng meir tid på å lese rapporten

SOGNDAL (NRK): Kontrollutvalet i Sogndal kommune treng endå fleire dagar på å kome seg gjennom den omfattande rapporten om Sogn barnevern. No har dei sett av også komande fredag til arbeidet med rapporten.

Kontrollutvalet i Sogndal kommune 2015-2019

STRAM TIDSPLAN: Kontrollutvalet håpar dei skal ha klar ein konklusjon til desembermøtet i kommunestyret. Frå venstre: Ellen Navarsete (Frp), Anne Skaar (SV, delvis skjult), Arnt Hovland Munthe (H, leiar), Bjarte Stedje (Sp) og Geir Volle (Ap). Sekretær Richard Nesheim er skjult bak Anne Skaar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi må halde fram arbeidet med å lese gjennom rapporten, og difor har vi sett av ein ny dag til å jobbe med rapporten på førstkomande fredag, seier leiar i utvalet, Arnt Hovland Munthe (H).

19. oktober la firmaet Arbeidsmiljøspesialistane fram rapporten om arbeidsmiljøet i Sogn barnevern for kontrollutvalet og kommunestyret i Sogndal.

– Vi har kritiske merknader til ganske mange, sa den eine av granskarane Harald Pedersen til NRK den gongen.

Mykje turbulens

Det har vore mykje turbulens i Sogn barnevern sidan det vart oppretta i 2008. Spesielt arbeidsmiljøet har vore gjenstand for mykje av turbulensen. Kommunen og leiinga har måtte tole mykje kritikk for måten dei har handtert problema på. Også frå granskarane.

– Dei har teke grep for å prøve å løyse opp, men dei har etter vår meining ikkje gått tilstrekkeleg inn i arbeidsmiljøproblema og undersøkt påstandar om til dømes trakassering, sa Pedersen den dagen rapporten vart presentert.

Rapporten er hemmelegstempla, og førebels har berre leiinga i kommunen og dei folkevalde fått lese den.

– For tidleg å konkludere

Kommunestyret har bede kontrollutvalet lese, svare på ein del spørsmål og kome med ei tilråding til kva som må skje i kjølvatnet av rapporten.

– Det er altfor tidleg å trekke ein konklusjon. Vi har jo fått eit konkret oppdrag frå kommunestyret, og det er jo ein del spørsmål dei vil ha svar på. Og det prøver vi no å gi ved å lese gjennom rapporten.

Håpar på desembermøtet

– Når reknar du med at kontrollutvalet er ferdig med arbeidet dykkar?

Arnt Hovland Munthe

LEIAR: Arnt Hovland Munthe (H) leiar kontrollutvalet i Sogndal kommune.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er jo kommunestyre 14. desember, og vi har eit mål om å lande saka tidsnok til at vi kan leggje fram ein konklusjon eller ei innstilling til det møtet. Men dette er enno ikkje heilt sikkert, då det er vanskeleg å seie kva som dukkar opp av spørsmål som må utgreiast ytterlegare, forklarar Munthe.

Vil ikkje kommentere innhaldet

– No har medlemmene lese rapporten i dag, og kan du seie noko korleis medlemmene reagerte på innhaldet?

– Nei, det har eg ikkje lyst til å kommentere anna enn at vi ser at vi har ei vanskeleg oppgåve.

– Står ikkje hogge i stein

– Kva legg du i det?

– Svara på spørsmåla vi skal prøve å gi svar på, står ikkje hogge i stein i rapporten. Det er ting her som vi kanskje treng å få ytterlegare belyst. Kommunestyret har og sagt at vi må ta oss den tida vi treng, seier Munthe.