Hopp til innhold

Treng fleire sjåførar – Roald (74) held hjula i gang

NAUSTDAL (NRK): Noreg treng 1000 fleire bussjåførar kvart år. I Naustdal skulle Roald Herstad (74) for lengst ha vore pensjonist, men han køyrer framleis buss. Det er redninga for busselskapet.

Roald Herstad

ERFAREN: Sidan 1967 har han køyrt både lastebil og buss i Firda Billag. Dei beste minna er frå utanlandsturane med buss, og då han køyrte ekspressbussen mellom Førde og Bergen.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Han er ein av to sjåførar på 74 år som framleis køyrer buss for Firda Billag i Naustdal i Sunnfjord kommune. Gjennomsnittsalderen i busselskapet er 59 år.

– Eg trivst med det. Eg har likt yrket heile vegen, seier Herstad til NRK.

Men dei neste åra får Firda Billag ei kjempeutfordring med å fylle tomme sjåførstillingar.

– Hadde vi ikkje hatt pensjonistane hadde vi hatt store utfordringar, fortel Frode Romarheim, dagleg leiar i Firda Billag Buss.

Frode Romarheim, dagleg leiar Firda Billag Buss

UTFORDRANDE: Dagleg leiar i Firda Billag Buss, Frode Romarheim, har ei utfordring med å få nok sjåførar i åra som kjem.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Alvorleg situasjon

– Vi har eit stort behov for fleire sjåførar, seier Romarheim.

Det er ikkje einaste busselskapet som treng fleire folk.

For halvanna år sidan fekk NHO Transport utarbeida tal som viser at Noreg treng 1.000 nye bussjåførar kvart år framover. Utfordringa er stor i byane, men størst i distrikta.

– Vi har ikkje tru på at tala har endra seg dramatisk. Gjennomsnittsalderen er framleis høg, seier administrerande direktør i NHO Transport, Jon H. Stordrange.

Tala viser at på landsbasis er to av tre sjåførar over 50 år. Stordrange meiner ein no må tenke nøye på rekruttering for å dekke behovet som kjem i åra framover.

Så langt har det beste tiltaket vore finansiering av utdanning. For halvanna år sidan fekk NHO Transport gjennomslag med regjeringa for å tilby lån til bussjåførutdanning gjennom Statens lånekasse for utdanning.

– Det har vore ein stor suksess, berre første året var det 600 personar som søkte om finansiering til å ta utdanning.

Stordrange seier hovudansvaret ligg på busselskapa.

– Vi kan legge til rette, men det er selskapa sjølv som må gjere rekrutteringa.

Jon H. Stordrange

URO: Adm.dir. i NHO Transport, Jon H. Stordrange seier at om ikkje rekrutteringa kjem på plass er han redd for konsekvensen av mangel på bussjåførar – Det er ei alvorleg utfordring for busselskapa, passasjerane og samfunnet om ikkje bussane går.

Foto: Moment Studio / Moment Studio

Skal løyse det

I år er Firda Billag 100 år. Romarheim legg planar for korleis dei skal bli nye 100 år. Ein av dei er tett samarbeid med Opplæringskontoret for transport- og terminalfag.

I tillegg skal dei bruke sosiale medium til å nå fleire arbeidssøkjarar. For Romarheim er det viktig at dei framsnakkar bussjåfør som eit yrke.

– Det er eit givande yrke, variert arbeidsdag. Der er mange positive element med å vere bussjåfør, seier han og meiner løna er betre enn mange skal ha det til.

I Naustdal nærmar det seg siste bussturen bak rattet for Roald Herstad. Til sommaren blir han 75 år, og då får han ikkje lov å køyre buss i rute.

– Då får eg begynne som dreng.

Det er ikkje snakk om å slappe av?

Jo, men eg må bevege meg litt. Eg kan ikkje berre legge meg på sofaen, smiler naustedølingen.

Roald Herstad

SKULEKØYRING: I distrikta er køyringa som regel skulerutene, og då er skiftet delt i to. På morgonen før skulestart og på ettermiddagen når elevane skal heim. Det har vore vanskeleg å rekruttere yngre krefter til desse stillingane.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK