Trenar heile året

Stadig fleire held fram med treninga etter at januar og februar er tilbakelagt.

Håvard Røneid, Michael Hammar

TRENINGSIVRIGE: Fysioterapeut Håvard Røneid og Michael Hammar ber folk om å starte i det små med trening.

Foto: Rune Fossum / NRK

Treningssenter over heile landet opplever i byrjinga av eit nytt år at det nærast fløymer over av folk som vil komme i form etter jul.

Jakta på eit betre liv varar lengre

Medan det tidlegare var mange som gav fort opp, vert det stadig fleire som held ut.

- Ein kan vel rett å slett seie at det er blitt populært å trene, seier fysioterapeut ved Puls i Førde, Håvard Røneid.

For mange er starten på eit nytt år tida for gode fortsett.

Ein ny start betyr ofte medlemskap på eit treningssenter. Der skal ribbefeittet av og både kropp og sjel skal starte eit nytt og betre liv.

Men for mange er det ei utfordring å halde motivasjonen oppe. Røneid meiner det er svært positivt at mange verkar å klare dette.

- Trenden er jo at fleire fortsetter å trene heile året. Men det er klart det er ei utfordring, og framleis er det nokre som ikkje klarar det seier Røneid til NRK.no.

- Fokus på helse

Bakgrunnen for den positive utviklinga meiner fysioterapeuten er enkel.

- Trening er in. Det er mykje fokus på trening og helse blant folk flest.

Michael Hammar er blant dei som startar opp att etter nyttår. Etter å ha trena før vart han sett ut av ein skade, men no er han tilbake for fullt.

- Eg gledar meg kvelden før fordi eg skal på trening, seier Hammar.

Skaden i foten gjer at det har vore tungt for han å begynne, men det å sjå resultat av treninga gir han motivasjon til å fortsetje.

- Eg ser framgang rett og slett, og då finn eg viljen til å fortsetje, seier Hammar.

- Ikkje start for hardt

Men for mange vert det fort for mykje av deg gode. Røneid trur mange startar for hardt.

- Mange tar nok litt for hardt i og startar med fire til fem treningar i veka. Mitt råd er å starte litt meir i det små. Kanskje med ei eller to treningar, så kan du auke på etter kvart, seier Røneid.

Som for mange andre er akkurat dørstokkmila også noko av det som ikkje får folk til å halde fram med å reise på treningssenter når kalenderen byrjar å vise februar og mars.

- Den er tung den dørstokkmila. Men viss ein berre klarar å kome seg til treningsstudioet så har ein kome langt, seier Hammar.

Målet hans er å bli klar for sommaren.

- Ribbeflesket må fekk, seier Hammar med eit smil.