Hopp til innhold

Treft av snøskred på veg heim frå pinseferie

Det blei ein dramatisk køyretur for ein familie frå Fosnavåg som var på veg heim frå pinseferie. – Det var som eit sjokk.

Bil treft av snøskred

DEKKA AV SØRPE: Slik såg bilen ut etter at han var treft av spruten frå snøraset.

Foto: Privat

Dei kom køyrande ned Strynefjellet og plutseleg såg dei at det byrja å hagle rundt dei med sørpe, mold og greiner.

– Brått ser vi ingenting for bilen blir dekka av lauv, snø og sørpe. Det var spruten frå raset som trefte oss, fortel familiefaren som vil vere anonym.

Dei var to vaksne i bilen, saman med dottera på tre år. Dei var på veg heim frå pinseferie på Dønfoss då raset kom.

Bil treft av snøskred

DRAMATISK: Plutseleg var bilen heilt dekka.

Foto: Privat

– Det var som eit sjokk. Men då vi fekk roa oss ned, gjekk vi ut for å sjå kva det var. Då gjekk det fint, fortel han.

Slapp uskadde frå det

Han seier at raset gjekk ned i ei grop før det kom opp att. Spruten stod opp på vegen og over bilen.

– Vi er heilt uskadde. Det er bilen som har fått småskadar og riper etter å ha blitt treft av kvistane og steinane.

Politiet fekk melding om raset på rv. 15 i 13-tida. Då meldte dei at ein bil var treft av snøskred og frontruta var treft.

– Det var nok ein annan bil. Det var berre vi som var i akkurat denne svingen, men eg har høyrt at andre også blei trefte. Det var eit breitt ras.

Kjent rasområde

Familien kunne køyre bilen vidare til Stryn der dei fekk spylt av han. Vegen var stengd i nesten to timar, men opna like før klokka 15.

– Den fonna der raset kom er eit kjent problem. Politi og entreprenør har vore på staden, men har avslutta arbeidet no, seier Kjetil Løvås ved Vegtrafikksentralen.

SKRED: Her kjem massane nedover fjellsida. FOTO: Patrycja Solawa

Bil treft av snøskred

RIKSVEGEN: Vegen var dekka av slaps etterpå.

Foto: Privat