Leiv Thomas mista historisk hus i brannen: «Ein del av livet mitt har gått tapt»

Leiv Thomas Faulkner såg på TV at det freda huset hans stod i fyr. No er alle minna etter faren vekke.

Leiv Thomas Faulkner, Brann Lærdal, freda hus
Foto: Arne Stubhaug/Jens Hauge / NRK/© Lærdal lokalhistoriske arkiv

– Alle minna låg der. Alt etter pappa som døydde i fjor er vekke, så det er utruleg trist, seier Leiv Thomas Faulkner.

Faren hans, som opphavleg kjem frå England budde i Lærdal i det freda huset som vart kalla Sønneva Eris hus. Sjølv bur Faulkner på Austlandet, og då faren døydde i fjor, var det han som arva det freda huset på Lærdalsøyri.

Huset var frå 1840-åra og var i bergensk seinempir. Det freda huset låg eit stykke aust i Øyragata og var to etasjar høgt.

Mista ein del av livet

– Alt etter pappa og familien hans låg i den heimen, og no er alt vekke. Det er det som er det verste. Det var gjennom dei minna eg hadde frå huset som gjorde at eg hugsa faren min.

Sidan Faulkner var sju år har han vore mykje på sommarbesøk i huset på Lærdalsøyri og ser tilbake på mange gode minner som no er vekke.

– Ein del av livet mitt har gått tapt rett og slett, seier Faulkner.

(Artikkelen held fram under videoen)

Faren til Leiv Thomas Faulkner døydde i fjor. No har Leiv Thomas mista alt av minner etter faren. Huset han arva gjekk med under brannen i Lærdal.

SJÅ VIDEO: Intervju med Leiv Thomas Faulkner som mista huset etter faren sin i brannen i Lærdal.

Såg brannen på TV

– Det er utruleg trist. Eg veit utruleg lite og det var på nyheitene eg såg at huset mitt var i ferd med å brenne ned. Ein nabo gav meg også beskjed om at det brann på taket klokka fire i natt, fortel Faulkner.

Det har enno ikkje gått opp for han kva som har skjedd, og han trur det kjem til å bli ekstremt tungt å sjå korleis det ser ut ved huset og kor skada det er.

– Eg klarar ikkje førestille meg korleis det vil vere.

Helvete på jord

Han skildrar branndramaet som heilt forferdeleg. 23 hus er totalskadde i brannen og mange av innbyggjarane i Lærdal har mista heimane sine.

– Eg såg på det som helvete på jord då eg såg på brannen på nyheitene. Det starta med berre to hus og på slutten var det opp i 30 hus. Dette er slikt som ikkje skal skje. Heilt utenkjeleg, seier Faulkner.

Flere hus har brent ned og mange hundre mennesker er evakuert fra Lærdal etter storbrannen

Fleire hus har brent ned og mange hundre menneske blei evakuert frå Lærdal etter storbrannen.

Foto: Arne Veum / NTB scanpix