Hopp til innhold

Brann revansjerte audmjukinga i fjor

BERGEN (NRK): Det vart ikkje noko lukkeleg gjensyn med Brann Stadion for eit tamt Sogndal-lag.

Acosta gir Brann 1-0 mot Sogndal

KOM UNDER: Sogndal-keeper Mathias Dyngeland må konstatere at headinga frå Bismar Acosta finn vegen i nettmaskene.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Derimot fekk heimelaget sin søte revansje etter audmjukinga frå tilsvarande vestlandsderby i fjor.

Eirik Bakke sine disiplar hadde ballen mykje i vårsola på Brann Stadion, men sleit med å bryte gjennom eit tett og kompakt Brann-forsvar.

– Det var mange som tok turen frå Sogndal og då ventar eg at vi gir meir enn det vi gjer. Det er ikkje eit Sogndal-lag verdig å ikkje gi meir, sa Sogndal-trenaren til TV2 etter kampen.

Laster innhold, vennligst vent..

– Ikkje eit Sogndal-lag verdig

Eirik Bakke

SKUFFA: Eirik Bakke måtte rokkere litt på laget før årets første kamp på naturgras.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

I andre enden av bana stonga Bismar Acosta raudtrøyene i leiinga før pause etter ein corner. Innbytar Fredrik Haugen følgde opp like etter kvilen med å breiside 2–0 inn bak Sogndal-keeper Mathias Dyngeland.

Bakke var tydeleg skuffa etter Sogndal sitt tredje strake tap i eliteseriecomebacket.

– Brann er defensive og vi er ikkje gode nok med ballen og skaper trykket vi kan når vi er på vårt beste. Det var to dårlege lag, men Brann var minst dårlege, seier trenaren til NRK.

– Vi manglar alt

For Kristian Fardal Opseth vart returen til Bergen eit definitivt antiklimaks. I fjor scora han tre mål då Sogndal valsa over Brann.

– Når du ser resultatet, så skulle vi nok kriga meir, seier Opseth til NRK.

– Måten vi står fram på er mest skuffande. Vi manglar gneist og skaper vel knapt ein sjanse. Det er utruleg skuffande å ikkje gi meir tilbake enn vi gjer til dei mange supporterane vi har her i dag, seier spissen og ikkje kan forklare kva som skjer.

Bakke ikkje uroa

– Brann er eit betre lag i år, men likevel tykkjer eg ikkje at dei er så gode at det er eit lag vi skal tape mot, legg Opseth til.

Brann klatra til fjerdeplass på tabellen. Sogndal på si side er nummer ti med sju poeng på like mange kampar. Bakke & co. ventar framleis på årets første siger på bortebane.

– Vi har vore gode i år, så eg er ikkje redd for det. Så lenge prestasjonane er gode, så kjem poenga. No blir det å brette opp ermane, gå på ei ny veke og knuse til på torsdag. Så får vi sjå om slår Førde i cupen, avsluttar trenaren med eit smil.

Laster innhold, vennligst vent..