Hopp til innhold

Tre personar sikta i trefellingssaka

Onsdag morgon er det klart at tre personar er sikta i saka der eit tre vart felt over riksveg 5 ved Knapstad i mellom Florø og Førde.

Den tredje personen er ein mann i 20-åra. Frå før av er to menn, ein i slutten av tenåra, og ein annan i 20-åra, sikta.

Alle er sikta for grovt skadeverk og brot på vegtrafikklovas paragraf tre. Dei har erkjent forholda og er lauslatne. Politiet har teke beslag i førarkorta deira.

– Dei er kjenningar i same omgangskrets og er busette i Kinn kommune, seier tenestestadsleiar Synnøve Domben ved Florø politistasjon til NRK onsdag morgon.

I ei liknande sak frå Danmark er seks unge menn sikta etter at ein 55 år gammal mann mista livet. Vest politidistrikt seier dei ikkje ser nokon samanheng med saka i Florø:

– Dette har på ein måte vore gutestrekar som har gått over styr, som dei ikkje har sett konsekvensane av, seier Domben til NRK.

Det var avisa Firda som først melde om den tredje siktinga.

Advokat Ivar Eivind Hauge representerer mannen som er i slutten av tenåra.

– Han erkjenner straffskuld for dei forholda han er sikta for.

– Kva seier han om motivet for handlinga?

– Dei skulle berre ha det litt moro, og så blei det ikkje moro i det heile teke. Dei tenkte vel ikkje skikkeleg på konsekvensane før dei såg det som skjedde med ein av bilane. Då gjekk det opp for dei at det var langt over streken, seier Hauge.

Hauge kjenner ikkje til om mannen han representerer visste om dei liknande hendingane i Danmark.