Hopp til innhold

Tre mistenkte etter at eit barn døydde

Tre personar har status som mistenkte i samband med at eit barn døydde i ein ambulanse på veg til sjukehus i slutten av januar.

Tidlegare har det vore kjent at ein lege har status som mistenkt, men også to ambulansearbeidarar har same status, ifølgje politiadvokat Øyvind Bore. Han presiserer at ingen personar er sikta i samband med dødsfallet.

Politiet har sendt saka til Statsforvaltaren i Vestland, og bede om ei vurdering om det er grunnlag for å gå vidare med ytterlegare etterforsking. Statsforvaltaren har opna tilsyn etter dødsfallet. Obduksjonsrapporten er enno ikkje klar.

Politiadvokat Øyvind Bore ved Sørvest politidistrikt.

Fleire avhøyrde av politiet etter at lite barn døydde i ambulanse på veg til sjukehus

Politiet har avhøyrt tilsette på sjukehus, i ambulanse og på legevakt, etter eit uventa barnedødsfall i januar. – Familien er i botnlaus sorg, seier bistandsadvokaten til NRK.