Hopp til innhold

Tre menn fengsla for valdtekt

Ein tredje person er no sikta for valdtekt i Stad kommune i helga. Mannen vart pågripen onsdag, og vart i dag varetektsfengsla i fire veker med isolasjon og brev- og besøksforbod.

Tidlegare i veka vart to menn pågripne og varetektsfengsla i den same saka.

Mennene er sikta for brot på valdtektsbestemmingane.

– Det er snakk om tre unge menn, og ei ung jente som er fornærma, seier straffesaksansvarleg Askel Rødland til NRK.

Valdtekta skal ha funne stad i helga. Politiet har gjort krimtekniske undersøkingar og undersøkjer digitale einingar. Dei er også i gang med å avhøyre vitne.

Rødland ynskjer ikkje å gå i detalj om hendinga og det som har kome fram under etterforskinga.

– Vi er framleis tidleg i etterforskinga, og ynskjer i liten grad å gå ut med informasjon som kan påverke vitne. Vi held alle hypotesar opne, seier han.

Sogn og Fjordane tingrett
Foto: Oddleif Løset