Hopp til innhold

Tre av fire køyrer for fort

Gjennomsnittsbilisten i Sogn og Fjordane ligg over fartsgrensa.

Trafikk
Foto: Rainer Prang / NRK

Les og: - Bilkøyringa er ei ikkje-sak

Les og: Politiet etterforskar råkøyring

- Dette fortel oss at vi har ein stor jobb med å få den jamne trafikant til å forstå kvifor vi har dei fartsgrensene vi har og at det er farleg å køyre for fort, seier trafikksjef i Vegvesenet, region vest, Guro Ranes.

Les og: - Bilkøyringa er ei ikkje-sak

Stort omfang

Målingar frå Vegvesenet sine 18 faste målepunkt i fylket viser at den vanlege bilist bryt grensene i stort omfang. I Bogstunnelen på E39 mellom Vadheim og Lavik og Skredestranda mellom Eid og Stryn heile tre av fire og i Lærdalstunnelen og ved Vassenden to av tre bilistar.

Apparata til vegvesenet reknar også ut gjennomsnittsfarten for alle trafikk som passerar punktet, og i Bogstunnelen er snittet 85 km/t. i Skredestrand 83, Lærdalstunnelen 82 trass i fotoboksar, ved Storehaug 71 i 70-sone sjølv om det står fartsmålar på staden og ved Hermansverk 62 i 60-sona.

Uaktuelt å heve grensa

Ranes innser at mange meiner vegane er gode nok mange stader til å køyre fortare enn fartsgrensa, men å endre 80-grensa oppover er utaktuelt.

- Det er mange som kunne tenkt seg å køyre fortare om dei fekk lov til det, men det er ein uaktuell problemstilling sett frå Statens Vegvesen si side, seier Ranes.