Fleire frå politisk hald og trafikktryggleiksorganisasjonar har i dag reagert på at bilen med ministeren køyrde for fort, men Kobbeltveit meiner det er ei ikkje-sak.
- I første rekkje er dette eit uttrykk for at norsk journalistikk har forfalle til å konsentrere seg om saker som dette i staden for dei sakene som er viktige. Det var heilt greitt å ta det med i avisa, men at dette skal rulle og gå i norske medier i heile dag, det forstår eg ikkje.
Lyd:
Var passasjer i bilen
Liv Signe Navarsete og Dag H. Nestegard. Nestegard legg seg flat etter køyringa.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRKDet var seniorrådgjevar Dag H. Nestegard i Samferdsledepartementet som som sat bak rattet då samferdsleminister Liv Signe Navarsete var på veg til vegopning i Lærdal onsdag.
Like bak køyrde utsendingane til avisa Nationen, som hadde si fulle hyre med å halde følgje med bilen som fleire gonger køyrde i
. I dag la Nestegard seg , og har gjort det han kan for å ta støyten for ministeren.Navarsete som seier at ho sat og jobba under turen, meiner det ikkje var snakk om nokon råkøyring. Ho seier at ho ikkje kjenner seg igjen i det bildet som avisa Nationen teikna av situasjonen.
- Navarsete har takla det bra
Kobbeltveit meiner Navarsete har takla saka bra etter at bilkøyringa kom fram i media i dag.
- Eg tykkjer ikkje at ho har takla dette så ille. Ho har teke utgangspunkt i at det ikkje var ho som hadde ansvaret, og at ho difor ikkje lastast.