Hopp til innhold

Politiet etterforskar råkøyring

Politiet startar på eige initiativ etterforsking av saka der bilen med samferdsleminister Liv Signe Navarsete i skal ha køyrt i 110 km/t på veg til ei vegopning i Lærdal.

Ronny Iden
Foto: Cosmin Cosma / NRK

I følgje journalistane frå Nationen som kom i bilen bak braut bilen med ministeren fartsgrensene fleire gonger.

- Naturleg å snakke med journalistane

Påtaleansvarleg Ronny Iden ved Sogn og Fjordane Politidistrikt seier dette er opplysningar som dei må undersøke.

- Med den mediemerksemda denne saka har fått, er det naturleg for oss å snakke med desse journalistane om saka.

Sjå tv-saka: Påstand om råkøyring

Problem med å halde følgje

Liv Signe Navarsete og Dag H. Nestegard
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det var i dag Nationen kunne fortelje at bilen med samferdsleminister Liv Signe Navarsete hadde kjørt i 110 km/t i 80-sona. på veg til vegopning i Lærdal.

Nyheitsredaktør Sveinung Engeland fortalde at bilen med journalistane hans hadde store problem med å halde følgje med ministerbilen.

- Dei var fleire gonger oppe i 110 km/t i 80-sona og 80 km/t i 60-sona, seier nyheitsredaktør Sveinung Engeland.

Iden seier at verken journalistar eller sjåførar for politikarar kan bryte fartsgrensene.

- No får vi sjå korleis dette endar når vi har fått snakka med journalistane, seier Iden.

- Eit dilemma

Haakon Barstad som er konstituert redaktør i Nationen vil ikkje kommentere politietterforskinga, men seier avisa i utgangspunktet var ute for lage ei sak om vegopning og ikkje fartsoverskridingar.

- Det var slik det utvikla seg då vi oppdaga at bilen ho var passasjer i var godt over fartsgrensa i lengre periodar.

- Men var det naudsynt for historia at dei braut fartsgrensene slik dei skriv om i artikkelen?

- Det er eit dilemma. På den eine sida var det viktig å dokumentere dette her, men eg ser jo at heller ikkje journalistar kan bryte fartsgrensene. Dei burde vel slakka av og lete statsrådsbilen køyre avgarde.