Hopp til innhold

Tre av fire kjedar seg på ungdomsskulen

Ny rapport slår alarm om trivselen blant norske elevar. I mellomtida lover politikarane ein ungdomsskulereform.

Frå venstre: Noah Otternes, Vegard Lorgen og Ingeborg Rørvik .

KJEDELEG: Noah Otternes (til venstre), Vegard Lorgen og Ingeborg Rørvik seier det er mykje på skulen som er kjekt, men dei synest det blir for mange prøver.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er kjekt på skulen, men keisamt med så mange prøver. Eg liker ikkje å måtte sitje og skrive og måtte øve og sånt, seier Vegard Lorgen.

Han og dei andre elevane i 9D på Halbrend skule i Sunnfjord har ein halvtime friminutt frå mattetimen, før dei skal inn igjen til neste time.

Noah Otternes likar godt friminutta.

– Då er vi ein gjeng som speler fotball i lag. Når vi har mykje prøver og eg ikkje får gjort andre ting, vert eg i dårlegare humør, seier han.

Medelev Ingeborg Rørvik ser fram til å byrje på idrettslina og skulle gjerne sett meir praktiske fag på ungdomsskulen.

– Eg trur det hadde vore ein god idé, seier ho.

Tre av fire kjedar seg

Ei undersøking frå Ungdatasenteret ved Oslomet syner at 75 prosent av elevane ved norske ungdomsskular kjedar seg på skulen.

Fagleg leiar av ungdataundersøkinga, Anders Bakken, har sett at trivselen har gått ned alle dei siste sju åra.

– Mykje av undervisning går føre seg i klasserom. Det er mange som synest at det å sitje på ein stol er ein keisam måte å lære på, seier han.

Elevundersøkinga syner at trivselen på skulen byrjar å dale frå 5. trinn.

Elevar på 10. trinn er dei som skårar lågast på indeksar som heng saman med trivsel og motivasjon.

– Når elevar jobbar med praktiske oppgåver kor dei også ser nytten med å lære, vert det opplevd meir positivt. Mange ønskjer at det dei lærer er relevant, seier Bakken.

Støre og Vedum summera opp 100 dagar

LOVNAD: I Hurdalsplattforma lovar Støre-regjeringa ei ungdomsskulereform som skal styrke praktisk læring og gi fleire moglegheiter til å velje praktiske og estetiske fag.

Foto: Simen Hunding Strømme / NRK

Vil endre heile skulen

I Hurdalsplattforma lovar Støre-regjeringa ei ungdomsskulereform som skal styrke praktisk læring og gi fleire moglegheiter til å velje praktiske og estetiske fag.

– Vi høyrer at det å vere elev på ungdomsskulen er noko av det mest keisame ein kan vere. Den måten ein lærer på, passar ikkje for dei fleste av elevane, seier leiar for elevorganisasjonen i Vestland, Iver Flyum-Bjørlo.

For to veker sidan hadde utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget ei høyring om ei mogleg ungdomsskulereform.

I representantforslaget frå Høgre er ønsket å gjere heile ungdomsskulen meir praktisk, også fag som norsk, engelsk og matematikk.

– Vi ønskjer å sjå korleis all undervisning kan gå i ei praktisk retning, der det blir meir tydeleg kvifor elevane skal lære dette. Det er ikkje sikkert at alle elevar skal analysere noveller av Tarjei Vesaas, seier medlem i forskings- og utdanningskomiteen, Kari-Anne Jønnes (H).

Camilla Stoltenberg FHI

JENTER BETRE: I 2019 leverte Stoltenberg-utvalet ein rapport som syna at jenter gjer det systematisk betre enn gutane på skulen.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

– Kan jamne ut kjønnsforskjellar

I 2019 leverte Stoltenberg-utvalet ein rapport som syna at jenter gjer det systematisk betre enn gutane på skulen.

– Fleire moglegheiter for å velje praktiske fag kan bidra til å jamne ut kjønnsforskjellane i skulen, sa leiar i ekspertutvalet, Camilla Stoltenberg i høyringsuttalen til representantforslaget.

Representantforslaget om å gjere ungdomsskulen meir praktisk blir behandla i Stortinget i februar.