Hopp til innhold

Traileren som brann i Gudvangatunnelen hamna i grøfta på Voss i fjor

Traileren som tok fyr inne i Gudvangatunnelen på måndag, vart køyrd i grøfta i fjor sommar av ein polsk sjåfør med alt for høg promille.

Vraket er ute av Gudvangatunnelen

UTBRENT: Traileren som tok fyr inne i Gudvangatunnelen har vore innblande på norske vegar tidlegare, då den hamna i grøfta på Voss i fjor.

Foto: Johan Moen / NRK

Det var 30. juni i fjor at den polske trekkvogna hamna i grøfta ved Voss, berre fem mil ifrå Gudvangatunnelen.

Traileren blei køyrd av ein polsk sjåfør med alt for høg promille skriv VG.

Mista retten til å køyre i Noreg

Den polske sjåføren var på veg frå Hønefoss til Voss, og stoppa på ein rasteplass nokre mil ifrå Voss.

Då saka var oppe i tingretten, fortalde mannen i femtiåra at han drakk ein halv liter vodka i tillegg til fleire øl før han køyrde vidare mot Bergen. Mannen kom seg ikkje langt, etter berre 100 meter på vegen køyrde han utfor vegen. Ei blodprøve viste at han hadde ei promille på 2,72.

Ulukkestrailer

Sjåføren mista retten til å køyre i Norge, og ein annan polsk sjåfør var bak rattet då traileren tok til å brenne inne i Gudvangatunnelen på måndag.

Sjåføren av traileren, som no er sikta, er blitt fråteken førarkortet.