Totland forlet Hødd

Bjørn Totland har gitt Hødd melding om at han vil prioritere jobb i Oslo framfor vidare fotballsatsing i Ulsteinvik.

Midtbanespelaren frå Eid kom til Hødd i februar og imponerte stort i treningskampane, men har etter kvart fått mindre speltid.

 

To seriemål

Totland har starta i åtte seriekampar og har kome inn som reserve i tre kampar. Han står bokført med to seriemål, mot Bodø/Glimt og mot Sogndal.