Eit par dagar før siste og avgjerande test fekk han melding om at det ikkje blir proffkontrakt.
- Det var ikkje plass til meg. Eg fekk beskjed to dagar før om at eg ikkje trengte å komme, så det var ganske uprofesjonelt gjort, seier han.
Ønskjer å spele på høgt nivå
Bjørn Totland set no kursen for heimlandet, der fotball på høgt nivå framleis står på ynskjelista. Sogndaltrenar Stig Nord har signalisert at han vil kontakte eidaren dersom proffdraumen i USA ikkje blei noko av, og Totland tek gjerne ein prat med Nord og co i Sogndal fotball.
- Eg har ikkje snakka med dei, så vi får sjå kva som skjer når eg kjem heim. Men eg vil gjerne vise meg fram, seier han.