Hopp til innhold

Går hardt ut mot maten på Vestlandet: – Syttitallsmat og opptint frosenlaks

Forfattar Torgrim Eggen er ikkje nådig med serveringstilbodet til turistar på Vestlandet. – Kjenner oss ikkje att, svarer hotellet som serverte «opptint frosenlaks med sitronpepar».

Innvik Fjordhotell Misjonsheimen

OPPTINT FROSENLAKS: Torgrim Eggen fekk servert laks med sitronpepar på Innvik Fjordhotell i Stryn. «1970-talet ringer og spør om dei kan få tilbake maten sin», skriv Eggen om måltidet.

Foto: INNVIK FJORDHOTELL MISJONSHEIMEN

Forfattar, matskribent og restaurant-meldar Torgrim Eggen har i sommar vore på rundreise i Noreg, «vårt næraste og stadig nokså hjelpelause ferieland».

Reisa, som er skildra i ein artikkel i D2, er også eit nådelaust oppgjer med etetilbodet langs norske vegar.

Særleg regionane Sogn og Nordfjord får unngjelde, som møter Eggen med «syttitallsmat», «sjukehusfrukostar» og «opptint frosenlaks med sitronpepar».

– Ikkje fin på det

Om ikkje mattilbodet var ille nok, konstaterer Eggen at «Vestlandet i prinsippet stenger klokka 17».

På Thon Hotel Jølster vert han råda å stille svolten sin på bensinstasjonen oppi gata.

Torgrim Eggen

IKKJE FIN PÅ DET: Forfattar Torgrim Eggen avviser at han er «fin på det».

Foto: Sturlason

– Det hadde vore kjekt om det var mogleg å kunne stoppe og få noko å ete, utan å måtte ringe desperat rundt til alle spisestadene og få vite at dei no held på å stenge, seier Eggen, når NRK tek kontakt.

Han meiner at reiselivet burde ha rusta seg for koronasommaren, då det lenge har vore kjend at nordmenn måtte ta ferien i eige land.

– Folk er ikkje spesielt serviceinnstilte. Det syntest eg var sørgeleg.

Du er ikkje berre litt fin på det?

– Nei, dette handlar ikkje om å vere fin på det. Dette handlar om å ikkje få noko å ete.

– Kjenner meg ikkje att

Anna Marie Skogli Vatnamo er dagleg leiar ved hotellet der Eggen fekk «opptint frosenlaks» og «gummiaktige og steinharde» gulrøter.

Ho synest det er trist å høyre at folk er misnøgde med maten.

– Vi registrerer at folk har ulik smak og ulike meiningar, men vi får mange gode tilbakemeldingar og vi har flinke kokkar på huset. Enkelte dagar kan ein sjølvsagt vere uheldige, men eg kjenner meg eigentleg ikkje att i det han skriv.

Anna Marie S. Vatnamo

TRIST: Dagleg leiar ved Innvik Fjordhotell Misjonsheimen Anna Marie Skogli Vatnamo kjenner seg ikkje att i det Torgrim Eggen skriv. – Vi har flinke kokkar på huset, seier ho.

Foto: PRIVAT

Reiselivssjefen i Visit Nordfjord tipsar reisande om å planlegge turen og merke seg stengetidene.

– Planlegg ferien ut frå situasjonen som er i dag, men det er sjølvsagt viktig at vi leverer høg kvalitet, seier Marita Lindvik.

«I kolesterolens rike»

Eggen sitt utfall mot mat- og restaurantlivet i Utkant-Noreg skriv seg inn i ein journalistisk tradisjon.

«Norsk mat har komme seg, spesielt i byene, men elles er det mykje likegyldig eller direkte dårleg mat å få langs vegane og i Fjell-Noreg», skrev Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås i 2015.

I 2013 klaga matskribent Andreas Viestad og konsernsjef i Hurtigruten, Daniel Skjeldam sin nød over «biffsnadderlandet» Noreg: «Biffsnadder med posebernaise kjem altfor ofte på bordet når ein turist betaler 300 kroner for ein norsk hovudrett», sukka dei.

For fire år sidan tok Stavanger Aftenblad med lesarane på ein «tour de frityr» i «kolesterolens rike».

New York Times, på si side, skreiv i fjor om eit «delicious» og imponerande pølsetilbod på norske bensinstasjonar.

Matsal

MATSAL: Slik ser det ut i matsalen til Innvik Fjordhotell Misjonsheimen.

Foto: PRIVAT

Ikkje smakt betre røykelaks

Eggen si rundreise i vest var likevel ikkje heilt utan lyspunkt.

I Lærdal hamna han og fotografen på «upretensiøse og hyggelege» Kort og Godt Kafe og Butikk, som er ope til halv ti om kvelden.

Her fekk dei servert den beste røykelaksen dei kan minnest å ha fått. «Ingen av oss har smakt betre», skriv Eggen.

Kjell Tore Grøthe er dagleg leiar for kafeen. Han hugsar at Eggen var innom.

– Kva synest du om kritikken?

– Det høyrest flott ut. Vi får veldig mykje gode tilbakemeldingar, og det er heilt topp. Laksen vår har vore i noregstoppen i mange år.