Hopp til innhold

Torbjørn (25) strikkar heile dagen for å realisere gründerdraumen

Sogndølen Torbjørn Selseng såg seg lei på at det var vanskeleg å få tak i dei pannebanda han ville ha. No strikkar han i staden sjølv dag ut og dag inn.

Torbjørn Selseng

STRIKKEDILLA: Torbjørn Selseng legg vekt på fargar og mønster, og at det skal vere heilt naturleg å gå med panneband - når som helst og kvar som helst.

Foto: Madeleine Mellemstand

Skiløpar, journalist og gründer. 25-åringen frå Selseng i Sogndalsdalen har rukke mykje i sitt korte liv. No er det produksjon av sjølvdesigna panneband som tel.

– Eg har gått med panneband kvar dag i 10 år og fått ein slags fått ein smak for panneband som ikkje blir laga lenger. Så då tenkte eg at eg like godt kunne laga det sjølv. Eg er litt slik at eg elskar å ha litt mellom fingrane og skapa ting. Då "badla det pao seg", og no har eg laga ein plass mellom 350 og 400 sidan i haust.

Inspirert av gamal tradisjon

Til å hjelpe seg har han kjøpt ei gamal strikkemaskin, som etter hans eige utsegn luktar tobakk og sjel.

– Men mesteparten er handarbeid likevel. Det er litt godt, gamalt og litt fargar. No er det nok litt meir norsk handverkstradisjon eg siktar meg litt inn på. Eg har ein ide om at eg har lyst å gjere det uttrykket tilgjengeleg for dei under 35.

Salet av pannebanda foregår via nett, og på nettsida kan kundane sjølve vere med og designe sluttproduktet. Noko som ifølgje Selseng har blitt eit populært tiltak. At produkta har fått namnet Bjødn er heller ikkje tilfeldig.

– Det er greitt å ha få namn å halde styr på, og Bjødn var kallenamnet mitt då eg var liten. Så har eg ein liten hund som heiter Bjødn, seier Torbjørn Selseng.

Torbjørn Selseng strikkar panneband

STRIKKEMASKIN: Ei gamal strikkemaskin med hundrevis av nåler og knappar gjer nytten når Torbjørn skal lage pannebanda.

Foto: Madeleine Mellemstrand

Inspirert av foreldra

Han innrømmer at det han driv på er noko dei færraste av hans jamnaldrande i det heile tatt ville tenkt tanken om.

– Eg er jo ein 25 år gamal gut som sit heime og strikkar dag ut og dag inn. Det er kanskje litt spesielt, men eg har vakse opp med to foreldre som er gründerar. Mor mi er ein tusenkunstnar som kan alt som har med hekling, veving, sying og strikking å gjere. Eg har alltid opp til hennar skaparevne og far min si evne til å tenke langsiktig.

– Men korleis var det med dine eigne strikkeferdigheiter før du starta med dette?

– Eg kunne ingenting utover å kanskje spøte ein sokk i nøden, men eg hadde litt tid og då var det jo berre å lære seg det. Eg sakna nok å ha litt handverk å drive med. Eg har alltid eit halvferdig spøt liggjande. Men det var mykje prøving og feiling før eg fekk til eit panneband som såg nokonlunde bra ut.

Produkta til Torbjørn Selseng

FIKS FERDIG: Eit lite utval av pannebanda Selseng har produsert.

Foto: Madeleine Mellemstrand