Hopp til innhold

Tonnevis med plast rydda i kjempeaksjon for Hardangerfjorden

På fem år skal Hardangerfjorden tømmast for plast. På den intense fyrste dagen er minst 17,5 tonn plast rydda bort.

PLASTDUGNAD HARDANGERFJORDEN

PLAST: Anna Kaspara Rinaldo og resten av Varden 4H har rydda plast langs Hardangerfjorden ved Ringøy, ikkje så langt frå Hardangerbrua.

Foto: Tale Hauso / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er kjipt å sjå kva me har gjort, om ein tenkjer på at verda ein gong var heilt rein, seier Anna Kaspara Rinaldo.

4H-klubben som Rinaldo leier på Ringøy i Ullensvang, er ein av dei frivillige organisasjonane som er med på prosjektet Rein Hardangerfjord.

Ein stad mellom to og tre tusen frivillige fordelte på 151 ryddelag har i dag vore på plass langs verdas femte lengste fjord.

PLASTDUGNAD HARDANGERFJORDEN
Lutro i Ullensvang, Hardanger

Lutro er eit kjent motiv i marknadsføringa av Hardanger som ei naturperle. Men langs fjorden finst det og mykje plastbos.

Foto: Tale Hauso

– Me er nøydd til å ta ansvar for alt som berre blir liggjande i naturen. Eg er veldig glad for at me er her i dag for å rydda, det gir meg håp. Men det er litt fælt å sjå alt dette her, seier UiB-student Silje Synøve Høgelid.

I åttetida torsdag kveld hadde 63 av ryddelaga meldt tilbake kor mykje dei hadde rydda. Dei førebelse tala syner at minst 17,5 tonn plast er rydda.

PLASTDUGNAD HARDANGERFJORDEN

Silje Synøve Høgelid rydda torsdag i ei vik ved Mundheim i Kvam herad.

Foto: Tale Hauso / NRK

Skal rydda i fem år

– Det er enorme mengder, men me er ikkje overraska. Talet blir mykje større enn 17,5 tonn, seier aksjonsleiar Kenneth Bruvik i Rein Hardangerfjord.

Plastryddegeneralen har det siste året jobba for å få det offentlege, organisasjonar, bedrifter og frivillige til å delta i aksjonen.

Rein Hardangerfjord presenterer aksjonen sin som verdas største ryddeaksjon på ein dag. Men målet med prosjektet er og langsiktig. Mellom anna håpar Bruvik at det kan få folk til å slutta å kasta plast i naturen.

Plastbos etter fyrste dag av "Rein Hardangerfjord"

Plasten som torsdag vart rydda, er blitt sortert. Her ligg hardare plasttypar i ein konteinar i Rosendal.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Håpet for at kjærleiken til kystnaturen skal stiga, den lever, seier Bruvik.

I løpet av fem år vonar dei å rydda Hardangerfjorden.

– Om me kan inspirera andre til å få lyst til å gjera noko, er det det me treng, seier Bruvik.

Er målet dykkar om å rydda heile Hardangerfjorden realistisk?

– Klart det er det, seier Bruvik.

Programleder Kenneth Bruvik forsøker å få svar på om plast i naturen virkelig er farlig.

Kenneth Bruvik har vore aktiv i kampen mot marin forsøpling lenge, og har mellom anna vore med i TV-serien «Plasthavet» for NRK, som dette biletet er teke i samband med.

Ikkje berre berre å rydda gamal plast

Ved å nytta erfaringane frå prosjektet, vil dei og få på plass ein god modell for å rydda fjordsystem for plastbos.

Når plast blir liggjande over lang tid, vil det over tid bli brote ned til mikro- og nanoplast. Det gjer at ein må vera forsiktig når ein ryddar.

– Me er uroa for at rydding av gamal plastforureining kan føra til sekundærforureining, om det ikkje blir gjort på ein sikker måte, seier seniorforskar Gunhild Bødtker i Norce.

Den trygge måten å rydda plast på, er ifølgje Bødtker å ikkje riva laus plast som sit fast, men i staden rydda overflata.

Plastbos i Hardanger

Det er plass til mykje bos langs den 180 kilometer lange Hardangerfjorden.

Foto: Tale Hauso / NRK

Forskingsinstituttet forskar som ein del av Rein Hardangerfjord på korleis ryddinga påverkar fjorden.

I forkant har dei analysert vatn, sediment og enkelte av dyra i fjorden og funne ut kor mykje mikroplast som er der. Like analysar skal gjerast i åra framover, etter kvart som fjorden blir meir og meir rydda.

– Sjølv om det er ein risiko, vil eg understreka at det er eit utruleg viktig tiltak å rydda plast, og spesielt rydda før det får liggja så lengje at det blir til mikroplast.

Er det realistisk å håpa at ein får rydda ein så stor fjord?

– Me har ei stor utfordring framfor oss, men det er absolutt verdt tiltaket. Eg har stor tru på at prosjektet vil gje gode resultat over desse fem åra, seier Bødtker.