Hopp til innhold

Skal rydda heile Hardangerfjorden for plast

Fem år etter plastkvalen rek i land er det framleis store mengder plast i havet. No har Kenneth Bruvik eit nytt, ambisiøst mål: å tømma heile Hardangerfjorden for plast.

Programleder Kenneth Bruvik forsøker å få svar på om plast i naturen virkelig er farlig.

PLAST: Kenneth Bruvik har vore aktiv i kampen mot marin forsøpling lenge.

Foto: Pandora film AS

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er ein så vanvettig vakker fjord. Og eg trur at når me får heile befolkninga ut her til å rydda, kjem dei til å setja endå større pris på naturen rundt, seier Kenneth Bruvik.

Han er initiativtakar i det ambisiøse prosjektet «Rein Hardangerfjord», der dei i september skal rydda heile fjorden for plast.

Bruvik har tidlegare vore involvert i kampen mot plast i NRK-serien «Plasthavet».

Sjå TV-serien «Plasthavet» her

– Angår oss alle

Bruvik ser fram til å samla kreftene og håpar så mange som mogleg vert med å rydda i september.

– Då får me ei større kraft som verkar inn mot plastforureininga, samtidig som me får ein større felles forståing om korleis me kan unngå plast på avvege, seier Bruvik.

Prosjektet har fleire samarbeidspartnarar. Alt frå private verksemder til det offentlege skal etter planen vera med på aksjonen i september.

Kenneth Bruvik

SPEIDAR ETTER PLAST: Kenneth Bruvik.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Kven har størst ansvar for plastforureining av produsentane og forbrukarane?

– Me har alle eit ansvar. Me ser at plasten me samlar speglar heile samfunnet, frå topp til botn, seier Bruvik.

Plast i Hardangerfjorden

PLAST: Sånn ser nokre fjører og strender i fjorden ut.

Foto: Kenneth Bruvik

Har trua på prosjektet

Hardangerrådet står som eigar av prosjektet, og skal sørga for at prosjektet blir gjennomført på riktig vis av alle kommunane som omringar fjorden.

– Dette har eg tru på. Me ser at plastforureining i enkelte delar av fjorden, og no håpar me at ryddeaksjonen kan føra til at me kan leva godt med Hardangerfjorden i mange generasjonar framover, seier Jostein Eitrheim, som er dagleg leiar i Hardangerrådet.

Det er ikkje berre Hardanger-kommunar som er i direkte kontakt med fjorden.

Dagleg leiar for Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Tora Haslum Myklebust, seier ho ser fram til samarbeid mellom regionane.

– Dette kjem til å skapa positive ringverknadar. Ein tenkjer utover sin eigen region, ein får til eit samarbeid, og det gjev ei lykke å gjere slikt i lag, seier Haslum Myklebust.

Tora Haslum Myklebust

SAMARBEID: Tora Haslum Myklebust rosar samarbeidet mellom regionane.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Viktig at me tek skiten vår sjølv

Ordførar i Ulvik, Hans Petter Thorbjørnsen frå Arbeidarpartiet rosar initiativet.

– Det er viktig for heile Hardangerfjorden at me jobbar saman for å prøva å samla opp plast og annan skrot som vert samla her inne, seier Thorbjørnsen

Hans Petter Thorbjørnsen, ordfører i Ulvik (Ap)

POSITIV: Ordførar i ein av fem Hardangerkommunar, Hans Petter Thorbjørnsen (Ap), rosar prosjektet.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ulvik er heimen til ein av to produksjonsskular i Noreg, som ofte har vore involvert og hatt prosjekt på dei årlege strandryddingsdagane.

– Kva avgrensingar set plast på fjorden på folk flest?

– Det er ikkje særleg fint. I tillegg påverkar det det marine livet i fjorden. Så det er viktig at me som bur i området her tek ansvar og tek skiten vår sjølv, seier Thorbjørnsen.