Hopp til innhold

Brenna-saka: Må sjå på utdeling av 25 millionar kroner på nytt

Kunnskapsminister Tonje Brenna skulle ikkje vore involvert då Raftostiftelsen og eit 22. juli-prosjekt fekk statsstøtte, vedgår departementet. No skal pengane under lupa.

Kunnskapsminister Tonje Brenna møter pressen

SKULLE HA HALDE SEG VEKKE: Kunnskapsminister Tonje Brenna, nestleiar i Arbeidarpartiet, vedgår at ho ikkje skulle vore involvert i å føreslå driftstilskot til Raftostiftelsen, fordi styreleiar Frode Elgesem er hennar gode ven.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Det vil vera veldig oppsiktsvekkjande om ein skulle lande på at det var noko feil med tilskota me har fått, seier dagleg leiar Jostein Hole Kobbeltvedt i Raftostiftelsen.

Menneskerettsorganisasjonen i Bergen har fått 15 millionar kroner i driftstilskot frå Kunnskapsdepartementet dei siste to åra.

På grunn av inhabilitetssaka rundt kunnskapsminister Tonje Brenna, skal desse pengane no revurderast, opplyser departementet til NRK.

Det gjeld driftstilskota Raftostiftelsen fekk for 2022 og 2023, og grunnløyving til Wergelandssenteret sitt skuleprosjekt om 22. juli. Til saman er det 25 millionar som er i spel.

Jostein Hole Kobbeltvedt, dagleg leiar Raftostiftelsen

USKULDIG INNBLANDA: Dagleg leiar Jostein Hole Kobbeltvedt i Raftostiftelsen meiner inhabiliteten til kunnskapsministeren ikkje kan få følger for tilskota stiftinga fekk i fjor og i år.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ven med styreleiaren

Onsdag forklarte Brenna seg i eit brev til kontroll- og konstitusjonskomitéen på Stortinget.

Der samanfatta ho mellom anna at ho ikkje skulle vore involvert i tilskota til Raftostiftelsen i 2022 og 2023.

Raftostiftelsen har eit årsbudsjett på minst 23 millionar kroner. 85 prosent av inntektene er offentlege tilskot, og nesten halvparten av dette kjem frå Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet.

Til no har Brenna sin inhabilitet særleg blitt knytt til at ho i mai utnemnde Frode Elgesem til styreleiar i menneskerettsorganisasjonen Wergelandsenteret.

Som AUFs bistandsadvokat har Elgesem vore ein god venn av Brenna etter at ho overlevde terroråtaket på Utøya 22. juli 2011. Brenna har også erklært seg inhabil fordi ho er nær venn med tre av styremedlemmene i Utøya AS.

Men ein halvt år før Brenna blei statsråd i oktober 2021, blei Elgesem styreleiar for Raftostiftelsen i Bergen.

Kobbeltvedt meiner likevel at inhabilitet ikkje bør eller kan få følger for økonomien til Raftostiftelsen.

– Etter vårt syn har Tonje Brenna i si tid som kunnskapsminister ikkje vore involvert i nokon endringar i tilskota til oss.

Støtte til drift og utbygging

Raftostiftelsen fekk følgande tilskot frå staten desse åra:

  • 7,5 millionar kroner som fast driftstilskot frå Kunnskapsdepartementet i år og 7,3 millionar kroner i 2022.
  • 3 millionar kroner frå kunnskapsdepartementet i 2022 til forprosjektering av ei utviding og ombygging av Raftohuset som truleg vil kosta 85 millionar kroner.
  • 1,5 millionar kroner frå Utdanningsdirektoratet i 2022.
  • I tillegg får Raftostiftelsen tilskot frå Utanriksdepartementet (9 millionar kroner i 2022) som ikkje er relevant når det gjeld habiliteten til kunnskapsministeren.
Raftohuset, Raftostiftelsens hus i Bergen

10.000 skuleelevar vitjar årleg Raftohuset, men bygget er trongt, utan heis og ikkje universelt utforma.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Brenna skulle ikkje gitt driftstilskot

NRK har bede departementet konkretisera kva av desse tilskota Brenna meiner ho ikkje skulle vore involvert i.

Kunnskapsdepartementet opplyser følgande:

  • Som følge av inhabilitet skulle statsråd Brenna ikkje vore involvert i å legga fram forslag til Stortinget om driftstilskot til Raftostiftelsen i budsjettet for 2022 og 2023.
  • Løyvinga på 3 millionar kroner til prosjektering av utbygging og oppgradering av Raftohuset kom i budsjettforhandlingane mellom SV og regjeringspartia på Stortinget, og er dermed ikkje ramma av statsråd Brennas inhabilitet.

At tilskotet til Raftostiftelsen auka i 2022, var ikkje Brenna eller Støre-regjeringa si avgjerd. Det var den førre regjeringa (Solberg-regjeringa) si støtte til pedagogikk-prosjektet Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme som gav 1,4 millionar kroner auke i den årlege løyvinga til Raftostiftelsen.

Illustrasjon ifm Raftostiftelsens søknad om midlar til utviding av Raftohuset

Raftostiftelsen fekk i fjor 3 millionar kroner til eit forprosjekt om utviding av Raftohuset, men initiativet til løyvinga kom frå Stortinget og ikkje kunnskapsministeren.

Foto: Raftostiftelsen/Arkitektselskapet 3RW

Feil å løyva til 22. juli-prosjekt

Dessutan skriv departementet at Brenna heller ikkje skulle vore involvert i å føreslå grunnløyving til skuleprosjektet «22. juli og demokratisk medborgarskap» i budsjettet for 2022 og 2023.

  • Tilskotet til skuleprosjektet har vore 5 millionar kroner for alle åra sidan 2020.
  • Tilskotet går i sin heilskap til Wergelandsenteret, som samarbeider med Utøya AS om prosjektet.
  • Wergelandsenteret har opplyst at Utøya AS fekk 2,3 millionar av løyvinga i 2022.

Taus «reserveminister»

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) blei 20. juni utnemnd som settestatsråd for å ta seg av saker som gjeld – eller er påverka av – inhabiliteten til Brenna.

Settestatsråden skal no vurdera om Brennas inhabilitet vil ha konsekvensar for driftstilskota Raftostiftelsen fekk for 2022 og 2023, og for skuleprosjektet i dei same åra.

NRK har stilt Tvinnereim fleire spørsmål om kva dei økonomiske følgene kan eller vil bli.

Ho svarar at ho no skal gå grundig gjennom alle sakene og ta vidare avgjerder i sakskomplekset så snart som mogleg.

Først seinare kan eg svara på desse spørsmåla. Eg ser også på korleis Kunnskapsdepartementet framover skal handtera saker knytt til Raftostiftelsen, Utøya AS og Wergelandsenteret, skriv Tvinnereim.

Raftostiftelsens søknad om utviding av Raftohuset

Raftostiftelsen har søkt Kunnskapsdepartementet om 83 millionar kroner til eit nybygg, men den inhabile ministeren kan ikkje handsama søknaden.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ber regjeringa halda ord

Kobbeltvedt i Raftostiftelsen konstaterer uansett at Brenna ikkje kan behandla søknaden dei nyleg sende til Kunnskapsdepartementet om 83 millionar kroner til ombygging og utviding av Raftohuset.

– Men eg reknar med at regjeringa står ved sine lovnader i Hurdalsplattformen om å auka støtta til freds- og menneskerettsorganisasjonane.

Han viser til at lokala i Bergen både er tronge og manglar universell utforming.

– Raftostiftelsen har fått mindre statstilskot enn dei andre organisasjonane, og deira lokale er vesentleg betre eigna enn Raftohuset vårt. Med dei planlagde utvidingane kan me dobla kapasiteten frå 10.000 til 20.000 elevar årleg på våre undervisningstilbod, seier han.

Illustrasjon ifm Raftostiftelsens søknad om midlar til utviding av Raftohuset

Kapasiteten i Raftohuset er sprengt, og Raftostiftelsen planlegg ei omfattande utviding.

Foto: Raftostiftelsen/Arkitektselskapet 3RW