- Det er uhøyrt, det er uhøfleg, og det er uverdig, seier Dybedal.
- Munnleg beskjed
Det er ein 15 år gamal konflikt om området Furutoppen i Holvik som no kan hamne i retten. Ifølgje Dybedal regulerte Vågsøy kommune området for bustadar i 1977 på grunn av eit skrikande behov for tomter rundt Måløy. Han seier han fekk munnleg beskjed om å leggje til rette med vatn, veg og kloakk på området. Dette gjorde han, og området var ferdig godkjent i 1989.
Prøvd å purre på kommunen
Men sidan då har kommunen kategorisk nekta å betale for området. - Eg har prøvd å purre på dei, men det eg blir møtt med er at eg ikkje har noko skriftleg.
- Hadde god dialog med Horn
Dybedal stadfestar at det ikkje låg føre skriftleg avtalar, men meiner han hadde munnlege avtalar med dåverande ordførar Olav Horn. - Eg hadde ein veldig god dialog med Horn, til og med 1990. Men Olav Horn, som no er kommunaldirektør i Vågsøy, nektar for at dei hadde munnlege avtalar i denne saka. - Eg kjenner ikkje til nokon slik avtale på noko tidspunkt den tida eg var ordførar. Dette gir ikkje grunnlag for ytterlegare kommentarar frå mi side, seier Horn.
- Men som ordførar, diskuterte du denne saka med Dybedal?
- Eg har ikkje fleire synspunkt å legge fram, eg kjenner ikkje til realitetane i desse påstandane som er kome fram.
- Ei ikkjesak
Noverande ordførar Roger B. Silden meiner dei har gått grundig gjennom denne saka, men finn ikkje noko form for avtale. - For oss i Vågsøy kommune er dette berre ein påstand som på ingen måte kan underbyggast, så for oss er dette ei ikkjesak.
- Låg det føre munnlege avtalar i saka?
- Eg kan ikkje seie verken det eine eller det andre om det, er har iallfall ikkje noko som tyder på at det ligg nokon som helst slags avtale.
- Tenkte ikkje så langt
Dybedal seier han no vurderer rettslege steg i denne saka, men han vedgår at han burde ha fått skriftlege avtalar. - Det kunne eg sjølvsagt, men eg tenkte ikkje så langt at eg kom bort i folk som ville lure meg opp i stry, seier Audun Dybedal.