Fryktar for folkehelsa - aktivitet i skuggen av lågkaborhysteri

– Nordmenn har ikkje blitt feite av å ete for lite flesk, men av å røre for lite på flesket, seier forskar. Han meiner trening har hamna i skuggen av lågkarbohysteriet.

Geir Kåre Resaland - lågkarbo

RØRER FOR LITE PÅ FLESKET: Det er mangelen på fysisk aktivitet som er er problemet, ikkje det at folk et for lite flesk, seier Geir Kåre Resaland.

Foto: Montasje (NRK, Scanpix, HISF)

Det blir ikkje lenger skrive så mykje om trening i norske media. I staden blir det stadig fleire tips om korleis ein skal gå raskt ned i vekt ved å ete mat med lite karbohydrater.

Men førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Geir Kåre Resaland meiner dette fort kan få alvorlege konsekvensar for folkehelsa.

Han meiner nemleg trening og fysisk aktivitet har hamna heilt i skuggen av lågkarbohysteriet i Norge.

– Vi rører for lite på flesket

Lågkarbo er på moten som aldri før. Smør og bacon i staden for brød og poteter sel som berre det, og det auka smørsalet har til og med ført til ei mykje omtala smørkrise her i landet.

Men ikkje alle tek i mot lågkarbotrenden med opne armar. Ein av dei er Geir Kåre Resaland. Han fryktar trenden med meir feitt skal gå på folkehelsa laus.

– Eg trur vi må innsjå at vi ikkje har blitt tjukke fordi vi eter for lite flesk, men fordi vi rører for lite på flesket, seier Resaland.

Vil ha meir fokus på fysisk aktivitet

Resaland har skrive doktorgrad om fysisk aktivitet og ernæring blant unge og har følgt godt med etter kvart som lågkarbobølgja har feia over landet. Det manglane fokuset på trening til fordel for mat gjer forskaren uroa.

– Eg meiner vi må få meir fokus på dei store helsegevinstane ein får av fysisk aktivitet. Vi må løfte blikket vekk frå det einsidige fokuset på vekt, overvekt og fedme, seier Resaland.

På eit treningsstudio i Førde er salen full av sveitte folk. Intervalltrening står på timeplanen og fysioterapeut Håvard Røneid er samd med forskaren. Han vil at folk skal halde fram med trening.

– Det er mykje betre for kroppen å vere i aktivitet, det er det den er skapt for, seier Røneid.

(Artikkelen held fram under biletet)

egg og bacon

LITE KARBO: Egg og bacon er mykje brukt blant dei som svergar til eit kosthald med like karbohydrat.

Foto: Scanpix / SCANPIX

– Folk blir sjuke

Men alle kosthaldsråda har sett gevinsten av fysisk aktivitet heilt i skuggen, meiner Resaland. Han seier dette igjen fører til livstilssjukdomar og overvekt.

– Kroppen vår ventar at den skal røre seg for å halde frisk. Når det no er mange som ikkje rører på seg blir det ein slags ubalanse i energibalansen, seier Resaland.

Meiner folk bør gjere begge deler

Lågkarboekspert, Kenn Halstensen, meiner på si side at lågkarbotrenden ikkje har sett trening og fysisk aktivitet i skuggen.

– Nei, det synst eg ikkje. På ingen måte, seier Halstensen.

– Sjølvsagt er trening og aktivitet viktig. Men kosthald er kanskje endå viktigare. Men så er det alltid slik at viss du gjer begge deler får du betre effekt enn om du berre trenar eller berre er oppteken av å ete rett, seier Halstensen.

Lågkarboeksperten meiner folk må gjere begge deler, både fysisk aktivitet og sunt kosthald. Men kva som er rett kosthald, det er det mange som har forskjellige meiningar om.