Hopp til innhold

Taper millionar på fedme

Fedmeoperasjonar er dårleg butikk.

Operasjonssal
Foto: Carolina K. Smith

Helse Vest tapar fleire millionar kroner i året på fedmeopperasjonar for sjukleg overvektige.

Berre i 2006 fekk helseføretaket ekstrautgifter på 5.4 millionar kroner i samband med slike inngrep fordi dei er underfinansierte.

Fordommar?

Overlege ved Førde Sentralsjukehus Villy Våge reiser spørsmål om fordommar er årsaka til dette.

Saman med tre andre overlegar har han skrive brev til helseministeren og ber om at dei reelle utgiftene ved opperasjonane vert refunderte, skriv Bergens Tidene.