To vogntog køyrd seg faste

To utanlandske vogntog køyrde seg fast på det glatte føret i ytre Nordfjord måndag kveld.

Det eine køyretøyet sto fast på Allmenningsfjellet på riksveg 15, medan det andre vogntoget vart ståande fast på riksveg 618 ved Flatraket.

Begge fekk løyve til å køyre vidare etter at dei hadde fått tak i kjettingar, opplyser politiet.