To til lege etter kollisjon

To personar vart sende til lege etter ein kollisjon på riksveg 15 på Haugane, ved avkøyringa til Naustdal.

Ulukka skjedde då den eine bilen køyrde i bilen framom.

Det var føraren av den bakre bilen og passasjeren i den framre bilen som måtte til legesjekk etter samanstøytet. Dei to skal ikkje vera alvorleg skadde.

Ulukka var meldt til politiet kl 17.15 fredag ettermiddag.