Hopp til innhold

To politikarar hoppa av like etter valet – no kan dei legga ned skulen til Oliver (8)

To utbrytarar frå Høgre kan koma til å avgjera om to skular i Sveio i Sunnhordland blir lagde ned. – Dei burde mista verva sine, seier småbarnsmor Solveig Iversen.

Solveig Iversen saman med borna Sofie og Oliver Iversen Walkosz.

BYGDESKULE I FARE: Det er rundt 45 elevar i Valestrand. Oliver Iversen Walkosz går i ein klasse med 13 elevar, der første og andre trinn er samla. Søstera Sofie Helena går i barnehage same stad.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Det blir trist å flytta så langt vekk frå venene mine her, seier åtte år gamle Oliver Iversen Walkosz i Valestrand.

Skulen hans i den vesle sveiobygda i Sunnhordland kan no bli lagd ned.

Då må familien til Oliver flytta til nabokommunen Stord, seier mor Solveig Iversen.

– Me får det rett og slett ikkje til å gå opp utan skule i nærleiken.

Bak forslaget om å legga ned skulen, ligg ein pikant politisk strid om politiske avhopparar og skuldingar om brotne løfte.

Solveig Iversen

FLYTTEKLARE: Solveig Iversen har snakka med fleire familiar som vil flytta viss skulen blir lagt ned.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Heilt uhøyrt

Dei to uavhengige representantane Ole Johan Sveen og Stian Nygård skapte politisk kaos i Sveio i Sunnhordland då dei melde seg ut av Høgre berre eit par veker etter valet i 2019.

Ei av kampsakene til Høgre i valkampen var å behalda alle dei fem skulane i Sveio.

Sveen og Nygård kjem likevel no til å røysta for at skulane i Valestrand og Auklandshamn blir lagde ned til hausten. Det kan koma til å avgjera saka i kommunestyremøtet 12. april.

– Eg synest dei to som melde seg ut av Høgre rett etter valet, burde ha mista verva sine. Det er stort sett partia og ikkje enkeltpersonar som blir røysta fram i val, seier Solveig Iversen.

– Det er heilt uhøyrt. Dette er ei sak som kan bli vippa med ei røyst. Då må dei to uavhengige følgja opp det dei gjekk til val på, seier Harry Lie, som driv nærbutikk i Valevåg.

Laila Vikse Lie og Harry Lie på nærbutikken i Valevåg

NÆRBUTIKKEN: Laila Vikse Lie og Harry Lie fryktar at butikken må stenga viss skulen forsvinn og barnefamiliar flyttar.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Motstridande forklaringar

Ei kartlegging NRK gjorde før valet i 2019, viste at 455 lokalpolitikarar hadde hoppa av partiet dei stilte til val for.

– Politikarar går til val på eit partiprogram, og veljarane har grunn til å venta seg at dei held det dei lova, seier Jo Saglie ved Institutt for samfunnsforsking. Han har forska på lokaldemokrati i over 20 år.

Men dei to uavhengige politikarane i Sveio meiner dei ikkje har brote løfte i saka.

Dei seier dei reserverte seg mot å ta stilling til skulestruktur, trass i at det blei løfta fram som ei av kampsakene til Høgre i valkampen.

– Me sa blant anna på gruppemøte i partiet at me ville reservera oss, seier Stian Nygård.

– Visste veljarane at de hadde reservert dykk?

– Me stod på stand, og sa det til dei som spurte, seier Ole Johan Sveen.

– Ei rar forklaring

Lars Einar Hollund, som sit i kommunestyret for Høgre, seier han aldri har høyrt om denne reservasjonen.

– Dette er ei rar forklaring. For meg er det ukjent. Sveen sat også i programkomiteen, og sa seg heller ikkje usamd i programarbeidet.

Forskar Jo Saglie seier at han ikkje har kjennskap til saka i Sveio, men på generelt grunnlag at det er relevant kor framtredande saka var i valkampen.

– Viss dette var ein sak partiet løfta fram i valkampen, og representantane ikkje klart kommuniserte at dei var ueinige, så har veljarane grunn til å føla seg lurte.

Lars Einar Hollund i Sveio Høgre

AVVISER PÅSTANDAR: Lars Einar Hollund i Sveio Høgre seier han er overraska over forklaringa til dei to utbrytarane.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Sparar 2,7 millionar

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) samarbeider med dei to uavhengige i kommunestyret. Saman med Framstegspartiet har dei fleirtal. Ho vil likevel ikkje uttala seg om kritikken.

– Eg synest ikkje at det rett som ordførar å meina noko om synspunkta til andre representantar. Kvar representant står fritt til å røysta i samsvar med det dei meiner er rett, seier ho.

Erve var blant eit knapt fleirtal i formannskapet som røysta for skulenedlegging.

– Eg ser at det er både fordelar og ulemper med å slå saman skulane. Aller viktigast for meg er likevel elevane og opplæringstilbodet me skal ha for alle elevane i skulen, no og i framtida.

Ho seier den totale innsparinga blir 2,7 millionar kroner, som skal brukast i skulesektoren.

Det er uklart kva som blir utfallet i kommunestyret. Fleire representantar NRK har snakka med, er framleis usikre på kva dei skal røysta.