Hopp til innhold

Høgre-politikarar melder seg ut etter at avtale var inngått – Sp mister ordføraren

Politisk kaos i Sveio to veker etter kommunevalet. – Eit svik mot veljarane, seier Lars Einar Hollund (H), som skulle blitt varaordførar.

Lars Einar Hollund i Sveio Høgre

MÅLLAUS: Lars Einar Hollund (H) vart varaordførar i Sveio etter valet. No har to partikollegaer meldt seg ut av partiet og fleirtalet har rakna.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Det var torsdag 12. september at Senterpartiet, Høgre, KrF og MDG stolt kunne vise fram semje om politisk samarbeid i Sveio.

Dei fire partia hadde 13 mandat og difor fleirtal i kommunestyret. Ordførarposten og varaordførarposten vart høvesvis delt ut til Monica Valen (Sp) og Lars Einar Hollund (H).

Men no har heile fleirtalet rakna, knappe to veker seinare. Årsaka er at Høgre-representantane Ole Johan Sveen og Stian Nygård i helga melde seg ut av partiet.

– Svik mot veljarane

Kva som no skjer i Sveio kommune er det ingen som veit.

Lars Einar Hollund (H) er oppgitt då han snakkar med NRK måndag morgon.

– Dette er eit svik mot veljarane. Det er frykteleg trist for politikken og eigentleg litt skremmande. Vi kan ikkje seie anna enn unnskyld til dei 518 personane som har stemt på Høgre i Sveio.

Han hevdar Sveen og Nygård har meldt seg ut av Høgre utan å ha grunngitt det i verken politiske saker eller personlege relasjonar i partigruppa.

– Me skjønar framleis ikkje kvifor dei har brote ut. Eg er eigentleg mållaus, seier Hollund.

Partioppslutning i Sveio

28,4 %
814 røyster
18,8 %
540 røyster
18,1 %
518 røyster
13,3 %
381 røyster
9,0 %
259 røyster
5,2 %
150 røyster
4,8 %
138 røyster
2,4 %
69 røyster

Skal ha stilt ultimatum om Ap-samarbeid

Han skulle altså bli varaordførar i kommunen sør i Hordaland.

Hollund seier dramatikken oppstod på eit avtalt møte i Høgre onsdag førre veke.

Der kom det ifølge Hollund fram at Sveen og Nygård var misnøgde med samarbeidet som var avtalt med Senterpartiet, KrF og MDG.

– Me fekk eit ultimatum om å snakke med Ap og Frp. Eg ønskte overhovudet ikkje å øydelegga Sveio Høgre, så for å halde gruppa samla tok eg kontakt med Arbeidarpartiet på fredag. På kvelden fekk me beskjed om at Ap ikkje var interesserte i vidare samtalar med oss.

– Du var altså klar til å bryte ein ei veke gamal samarbeidsavtale for å halde Høgre samla?

– Ja. Det overordna for oss er å halde Høgre-gruppe samla, svarar Hollund.

– Ueinige om vegval

Ein av dei som har meld seg ut av Høgre, Ole Johan Sveen, har vore medlem av partiet i mange år.

– Denne situasjonen er veldig tung og trist. Det har lenge vore usemje om politiske vegval og det vart forsterka gjennom denne samarbeidsavtalen, seier Sveen, og siktar til avtalen med MDG, KrF og Senterpartiet.

Han stadfester misnøye med at ikkje alle moglegheiter for samarbeid, til dømes med Ap og Frp, vart sondert før dei inngjekk samarbeidsavtalen 12. september.

– Eg ynskjer ikkje peika på konkrete saker som har gjort at eg har meld meg ut. Det er heilskapen. No vil eg jobbe for lokalpolitikken som uavhengig representant i kommunestyret, seier Sveen.

Stian Nygård seier at han ikkje har tid til å snakke om saka før måndag ettermiddag.

Monica Valen har ikkje svart NRK.

Valdebatt i Sveio

KAN BLI AP-ORDFØRAR: Arbeidarpartiet og Linn Therese Erve (t.v.) fekk 28,4 prosent av røystene i Sveio. No når H-, Sp-, KrF- og MDG-fleirtalet har rakna, opnar det opp moglegheita for at Erve kan sikre seg ordførarvervet.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ap kan få ordføraren

Det er ikkje først gang det skjer dramatiske utmeldingar i politikken i Sveio. I 2015 meldte dåverande ordførar, Ruth Eriksen, seg ut av Høgre og inn i Frp.

No kan utmeldingane føra til at Eriksen, som i dag er varaordførar, verta sittande i posisjon likevel.

Arbeidarpartiet fekk 28,4 prosent av røystene i Sveio.

No når H-, Sp-, KrF- og MDG-fleirtalet har rakna, opnar det opp moglegheita for at Linn Therese Erve kan sikre seg ordførarvervet.

Hollund i Høgre fryktar at dei uavhengige representantane no sikrar eit fleirtal for ein konstellasjon med Arbeidarpartiet og Frp.

Ole Johan Sveen vil ikkje seie til NRK kven han vil stemme på som ny ordførar i Sveio kommune.

Valgdebatt Sveio

DEBATT: Sjå valdebatten frå Sveio i forkant av kommunevalet.