Hopp til innhold

Bjørn Inge hamna i knivdramaet i Svelgen – forsvarte seg med ein stol

SVELGEN (NRK): To personar skal vera skada etter at ei ung kvinne gjekk til åtak på fleire personar i Svelgen i Bremanger. Fleire som følgde etter kvinna prøvde å stogge henne med stolar.

Bjørn Inge Furseth Vadstein

SKUMMELT: – Det var litt skummelt sett i ettertid, seier Bjørn Inge Furseth Vadstein.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Klokka 17.23 fekk politiet melding om knivstikking i Svelgen i Bremanger. To personar har lettare kuttskadar etter hendinga.

Bjørn Inge Furseth Vadstein var på veg ut av butikken i Svelgen då han hamna midt i knivangrepet.

– Det kom nokon og spurte om eg kunne hjelpe i det eg kom ut av butikken. Rundt hjørnet står det to personar med ein stol og prøver å få stogga henne, men ho kom seg laus, fortel Bjørn Inge Furseth Vadstein

– Eg leita etter ein stol eller noko å forsvare meg med. Eg fekk ein stol, så følgde vi etter vedkomande, seier han.

I tillegg til å kutta dei to personane, skal kvinna også ha forsøkt å koma seg inn i heimen til to andre. Ho skal ha ringt på, og vist fram kniven i døropninga.

Klokka 17.41 var gjerningspersonen teke hand om, skriv operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Høyrde bråk

Hendinga skjedde utanfor Bremanger Fjordhotell og Bremanger folkebibliotek. Også hotelldirektør Marion Mulelid kom tett på hendinga.

– Eg og ein tilsett var i kafeen og ei jente vandra litt fram og tilbake, og går inn på biblioteket. Så høyrer vi skrik og skrål. Då er det ein av damene der inne som har blitt skore opp, seier Mulelid.

– Folk greier å få henne ut lokalet ved hjelp av stolar og vi prøver å halde kontroll. Vi ringer politiet og ambulanse, fortel ho.

Marion Mulelid

DRAMATISK: Hotelldirektør Marion Mulelid opplevde hendinga som ganske dramatisk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Rosar sivil væpna med stol

Ifylgje tenestestadleiar Espen Gulliksen var det brannvesenet som var dei fyrste på staden. Dei hadde teke hand om ho då politiet kom til staden.

– Eg vil også rosa den særs gode innsatsen ein sivil person, væpna med ein stol, har gjort, seier Gulliksen.

Den sivile personen skal ha følgd etter kvinna etter at ugjerningane var gjort. Personen hadde med seg stolen for å hindra at kvinna skulle koma for nære.

Espen W. Gulliksen, politiet sin tenestadsleiar i Bremanger

ROSAR SIVILE: Espen Gulliksen i politiet i Bremanger.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Gjerningspersonen er ei kvinne på om lag 20 år. Ho er ein kjenning av politiet. Ho skal i kveld framstillast for lege.

Gulliksen bekreftar at det er den same kvinna som tidlegare har vore truande i Svelgen.

SVELGEN: Knivstikkinga skal ha skjedd i Svelgen i Bremanger.

Har vore truande tidlegare

Før helga intervjua NRK fleire innbyggjarar i Svelgen som ikkje kjende seg trygge i heimbygda.

Fredag tok Gunnulf Bjørnsen si treningsøkt på idrettsanlegget i Svelgen ei uventa vending.

– Plutseleg såg eg ei dame med kniv i handa. Ho ropte til og diskuterte med nokre ungdommar. Dei sa at ho måtte legge ifrå seg kniven, fortalde Bjørnsen førre veke.

Då kvinna kom mot han valde han å sette seg inn i bilen.

– Eg tenkte at eg ikkje ville provosera henne, og hadde bilen like ved. Ho kom mot bilen, og stod til slutt kring ein meter frå ruta, med ein kjøkkenkniv i handa. Berre bladet var kring 30 centimeter, forklarar han.

Bjørnsen spurte kvinna om det var slik at ho gjekk rundt med kniv og truga folk.

– Då svara ho at det hadde ikkje eg noko med, samtidig som ho kom nærare og nærare, fortel han.

Han var redd kvinna skulle gjere framstøyt, og valde å køyra frå staden.

– Eg hadde aldri trudd at eg skulle hamna oppi noko slikt, seier han.