Hopp til innhold

To personar redda opp av sjøen etter at båt kantra i Fusa: – Hørte rop om hjelp

Redningsbåtar og helikopter rykka til Bjørnafjorden etter ei båtulukke. To personar vart plukka opp av sjøen og er komen i land.

Båtulukke i Fusa 25.juni

KOM SEG I LAND: Ambulansebåt og båtar frå redningsselskapet rykka ut. Personane vart tatt opp i ein fritidsbåt og frakta til land. Begge skal vera uskadd.

Foto: Redningsselskapet

Det var 110-sentralen og Vest politidistrikt som melde om båtulukka på Twitter like etter klokka 11.00.

Ein båt hadde kantra og to personar var hamna i sjøen.

– Det er hørt rop om hjelp frå land og dei har varsla naudetatane. Dykkarar frå brannvesenet i Bergen er på veg til staden med luftambulanse. Hovudredningssentralen er også varsla, sa vaktkommandør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen.

– Det er sendt mykje ressursar mot området der no, og me held fram så lenge situasjonen ikkje er heilt avklart, sa operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Per Algrøy.

Hovudredningssentralen koordinerte den store aksjonen. Det var først uklart kor mange som var involvert.

BJØRNAFJORDEN: Båten skal ha kantra ved Kistevika i Fusa i Vestland fylke.

Uskadd

Rett etter klokka 11.30 var aksjonen over. Dei to personane som hamna i sjøen var blitt plukka opp av ein fritidsbåt som kom til.

Ingen fleire personar var involvert i kantringa.

- Det går bra med dei. Dei er uskadd og det er ambulansebåt på staden som tek seg av dei, opplyser vakta ved Hovudredningssentralen til NRK.

- Dei er våte, men ellers i god behold, opplyser politiet.

Ifølge Ronald Drotningsvik i 110-sentralen var det mange fritidsbåtar på sjøen då ulukka skjedde.

– Det er nok fleire som har sett kva som skjedde og som har kome til. Vi avsluttar med våre ressursar.