Hopp til innhold

To personar i trafikkulukke på rv. 15

To personar vart sende til sjukehus etter at ein bil køyrde av vegen ved Bryggja på riksveg 15 i dag.

Ulukke på rv. 15

VAR STENGD: Vegen mellom Måløy og Nordfjordeid var stengd ei stund, men er no open att.

Foto: BJARNE ELDEVIK / NRK

Det var klokka 12.46 at politiet fekk melding om ei trafikkulukke ved indre Totland mellom Måløy og Nordfjordeid.

Operasjonsleiar Tatjana Knappen fortel at både politi, ambulanse, ambulansehelikopter og brannvesen rykte ut til staden.

– Det var to personar i bilen, som blei tatt hand om. Det kan sjå ut til at det er store skadar på bilen.

Ho fortel at begge personane var bevisste, men vil ikkje kommentere skadeomfanget. Ho kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka.

– Politiet jobbar med å finne vitne som kan bli avhøyrde, slik at me kan få betre greie på kva som har skjedd.