Hopp til innhold

To menn sikta for grov kroppsskade etter valdsepisode

To menn i 40- og 50-åra blir framstilit for varetektsfengsling søndag føremiddag etter valdsepisoden i Solheimsviken i Bergen fredag kveld. Politiet væpna seg og aksjonerte etter at ein mann vart funnen skadd i ein bustad. Dei to mennene er sikta for grov kroppsskade, opplyser jourhavande jurist i Vest politidistrikt Andreas Haldorsen. Han ønskjer ikkje seia om dei to sikta har noko tilknyting til den fornærma, eller kva relasjon dei har til kvarandre. – Av omsyn til etterforskinga har eg ingen ytterlegare kommentar. Det blir begjært lukka dører og referatforbod frå retten.

IMG_8533
Foto: Lars Christian Wallace / NRK