Hopp til innhold

To arresterte etter at mann vart funnen skadd i Bergen

Det var fredag formiddag at ein mann i 40-åra vart funnen skadd på ei adresse på Solheim ved Danmarksplass i Bergen. Politiet væpna seg og mistenkte at mannen var utsett for vald.

– Politiet har pågripe to personar. Dei er sikta for kroppsskade mot den fornærma mannen, seier jourhavande politiadvokat Lasse Solheim i Vest politidistrikt til NRK.

IMG_8533
Foto: Lars Christian Wallace / NRK