Hopp til innhold

To menn arresterte i trefellingssaka

To menn heimehøyrande i Kinn kommune er arresterte i trefellingssaka i Sunnfjord, der tre bilar vart skadde etter å ha køyrd på tre som var felt over vegar.

Det opplyser tenestestadsleiar ved politiet i Florø, Synnøve Domben til NRK.

Politiet har førebels ikkje teke stilling til om mennene blir framstilte for varetektsfengsling eller ikkje.

– Dei vil i løpet av dagen bli avhøyrt, seier Domben.

Dei er sikta for grovt skadeverk og brot på vegtrafikklova paragraf 3.

Den eine er i slutten av tenåra og den andre i 20-åra, opplyser Domben.