Hopp til innhold

To kvinner er dømde på ny etter å ha festa under korona i 2020

To kvinner er dømde på ny for brot på smittevernlova. Dei deltok på ein fest med for mange gjester under koronapandemien 2020, då det berre var lov med fem gjester. Saka gjekk heilt til Høgsterett og no har påtalemakta fått fullt gjennomslag i den nyaste og siste behandlinga. Dei to kvinnene er dømde til å betala 12.000 og 6.000 kroner. I tillegg må dei betala 4.000 kvar i sakskostnader.