Natt til 15. november 2020 var 15 personar samla på ein fest i Sandviken i Bergen.
Den same natta var politiet ute med patrulje som sjekka om folk følgde dei strenge koronareglane som var innført.
Dei oppdaga festen med dei kvinnene og slo til.
Kvinnene, som no er 36 og 29 år gamle, fekk høvesvis 5000 og 10.000 kroner i bot. Den eine kvinna fekk større bot fordi ho arrangerte festen.
Gulating lagmannsrett avsa dommen den 13. april.
Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRKFempersonsregel i private heimar
Den gong var det ikkje lov å vera meir enn fem personar samla i private heimar. Det var på grunn av koronarestriksjonane som Bergen kommune hadde innført i underkant av to veker før.
To kvinner nekta å betala bøtene dei hadde fått. Sidan har saka gått frå rettsinstans til rettsinstans.
Fyrst vart kvinnene dømde i tingretten, og bøtene vart auka til 6000 og 12.000 kroner. Kvinnene anka vidare til lagmannsretten.
Der vart dei frifunne, men frifinninga vart anka vidare til Høgsterett.
No har saka vore oppe enno ein gong i lagmannsretten, etter at Høgsterett oppheva Gulating lagmannsrett sin fyrste dom.
No har saka fått sitt siste punktum. Kvinnene tapte den tre år lange kampen om koronabøtene og slepp ikkje unna bøtene.
I tillegg til bøtene må dei no betala 4000 kroner kvar i sakskostnadar.
– Påtalemyndigheita har fått fullt gjennomslag og er nøgd med avgjerda, seier statsadvokat Rudolf Christoffersen. Han var aktor i saka.
Statsadvokat Rudolf Christoffersen er nøgd med lagmannsretten si avgjerd i saka. Biletet er teke i eit anna høve.
Foto: Jon Bolstad / NRKBergen si koronaforskrift var lovleg
Rettssakene har i hovudsak teke for seg spørsmålet om Bergen kommune si koronaforskrift var lovleg eller ikkje.
Bergen kommune fekk mykje kritikk for dei strenge reglane, som mellom anna førte til at familiar med fem personar ikkje kunne ha besøk.
John Christian Elden har vore forsvararen til den eine av kvinnene. Då kvinnene vart frikjent i fyrste runde i lagmannsretten, meinte han at alle festbøter i Noreg burde vurderast.
– Avgjerda er viktig fordi den bidreg til å avklara dei rettslege rammene for forskrifter som lokale kommunale myndigheiter må setja i verk i krisesituasjonar, seier Christoffersen.
I dommen lyd delar av Gulating lagmannsrett sin konklusjon slik:
«Når fordeler og ulemper for befolkninga veies mot kvarandre er det for lagmannsretten ikkje tvil om at tiltaket ikkje var utjenlig eller uforholdsmessig.»
Dermed meiner lagmannsretten at Bergen kommune si koronaforskrift frå 6. november 2020 hadde heimel i smittevernlova.
– Omsynet til samfunnets interesser må vegast mot enkeltmenneskets personlege integritet og rettsvern. Dette kan vera ei vanskeleg vurdering, men slik situasjonen var i Bergen hausten 2020 blei disse omsyna tilstrekkeleg vareteke, seier statsadvokat Christoffersen.
Vil lesa dommen grundig
Advokat Olaf Halvorsen Rønning i Elden Advokatfirma seier dei vil lesa dommen grundig.
Han var forsvarar til den eldste kvinna i saka.
– Det ser mellom anna ut som at Lagmannsretten legg til grunn at ein ikkje skal prøva omfanget av det smitteverntiltaket som blir sett i verk, men berre om tiltaket var nødvendig i seg sjølv eller ikkje. Det må vurderast om det er i tråd med dei føringane som kom frå Høgsterett, seier Halvorsen Rønning til NRK.
Han seier det er for tidleg å seie om det er grunnlag for å anka denne dommen.