Litt over klokka halv eitt, rykte politiet ut til Fiskå, etter mistanke om promillekøyring i sentrum. Litt seinare vart det gjort skadeverk på eit forretningsbygg i Fiskå, der det skal ha vore knust ei rute.
Politiet leitte etter ansvarlege for ugjerningane, men fann ikkje nokon gjerningsperson i natt. Dei vil difor ta opp att leitinga etter vedkommande.
Like etter, i Førde, viste bort politiet ein rusa mann frå eit hotell. Mannen, i slutten av 20-åra kom seinare attende til staden han var vist bort frå, og vart difor sett i arresten.
Like før halv to avslutta politiet ein ungdomsfest på Eikås i Jølster. Politiet anslår at det var 150 deltakarar på festen.
Klokka ti på to, måtte politiet fjerne ein rusa mann frå ein utestad i Førde sentrum, fordi han laga bråk. Politiet melder at vedkomande vart med til arresten for å sove ut rusen der.
I Sogndal knuste ein mann i 20-åra ei rute på ein utestad. Saka vert meldt til politiet. Og litt før klokka fire vart ein rusa mann i 20-åra vist bort frå ein utestad, òg i Sogndal.