Hopp til innhold

Fleire varslar om forbytta babyar – først etter eit halvt år kom Finn til si rette mor

Folk over heile landet fortel om babyar som skal ha blitt forbytta på norske fødestover. Finn Martinsen (68) var hos feil familie i seks månader.

Finn Martinsen held opp Aktuell, som skreiv om forbyttinga

Finn Martinsen held opp magasinet Aktuell, som skaffa seg einerett i 1954 til å fortelje den utrulege historia om gutane som blei forbytt.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det var ei vaken tante som først skjønte at noko var gale i Sør-Odal i 1954. Den nye babyen likna ikkje på dei andre i familien. Då tanta fekk sjå barnet til sydama i den vesle bygda, skjønte ho kva som måtte ha skjedd.

– Det er jo lov å gjere feil, men i slike tilfelle er det litt meir tragisk enn andre menneskelege feil, seier Finn Martinsen (68).

Han huskar ingenting av den dramatiske hendinga som skjedde i Innlandet i desember 1953.

Men det første halve året i livet budde han hos ein annan familie i bygda og blei kalla Per.

Ved ein feil blei han sendt med ei anna kvinne i bygda heim frå fødestova på sjukehuset i Sør-Odal. Hans eiga mor fekk med seg ein gut ho trudde ho sjølv hadde fødd for få dagar sidan.

Per Lysakerud og Finn Martinsen

Per Lysakerud og Finn Martinsen er fødde med berre nokre timars mellomrom i desember 1953. Mødrene låg på samme fødeavdeling. Det førte til at gutane blei forbytta.

Foto: privat

Blodprøvene viste feilen

Den vage mistanken til tanta førte til at mødrene fekk tatt blodprøver for å slå fast slektskapet mellom foreldre og barn. Dei viste at gutane var ombytta.

Då hadde det gått eit halvt år, og begge familiane hadde knytt sterke band til smågutane sine. Mor til Finn Martinsen var prega resten av livet.

– Det var veldig tøft å gje frå seg ein unge ho hadde amma og stelt i eit halvt år, seier han.

Han seier mora blei dement på det siste, men likevel ikkje gløymde forbytinga av gutane.

Faksimile frå bladet Aktuell

Dei to gutebabyane var hovudoppslag i magasinet Aktuell i juli 1954. Då hadde dei nettopp blitt bytta tilbake til dei rette familiane sine. Finn Martinsen til venstre, Per Lysakerud til høgre.

Foto: Faksimile / NRK

Eit skred av historier

Finn Martinsen er overraska over at det no viser seg at fleire barn kan ha blitt forbytt på norske fødestover. Han trudde at rutinane blei endra etter at han og Per blei forveksla i 1953.

NRK fortalde nyleg historia om Mona, som etter 60 år oppdaga at ho ikkje vaks opp med sin biologiske familie. I ettertid har mange tatt kontakt med NRK og fortalt om kortvarige forbytingar på fødestover og fødeavdelingar.

– Det eg har sett i desse sakene er at dei har vore merka mellom anna med silkeband. Det er lett å tenkje seg at dei kan falle av, når barnet misser vekt i etterkant av fødsel mellom anna, seier Malin Stensønes.

Ho er generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforening, som bygde opp og dreiv mange av fødestovene på 50- og 60-talet.

Stensønes meiner det offentlege helsevesenet no må prøve å skaffe oversikt over kor mange forbytingar som kan ha skjedd på norske fødestover og fødeavdelingar.

Malin Stensønes

Generalsekretær Malin Stensønes i Norske Kvinners Sanitetsforening meiner det offentlege helsevesenet bør prøve å skaffe oversikt over forbytingar.

Foto: Snorre Tønset / NRK

Helsedirektoratet har ikkje starta kartlegging

Ingen veit kor mange babyar som kan ha blitt forveksla, i kortare eller lengre tid.

Divisjonsdirektør Helen Brandstorp i Helsedirektoratet seier dei per no ikkje har starta noko kartlegging av eventuelle saker.

Ho gjekk nyleg ut i NRK og beklaga overfor kvinna på Vestlandet som først etter 60 år oppdaga at ho ikkje vaks opp hos sin biologiske familie.

– Dersom det kjem inn fleire, må vi jo gå endå tydlegare inn i dette, seier Brandstorp.

Ho utelukkar ikkje at omtale av baby-forbytingar fører til at fleire saker blir rulla opp. Ho meiner familiar som oppdagar at dei har vore involvert i ombyttingar først og fremst må be det lokale helsevesenet om hjelp.

Sør-Odal sykehus

Her på sjukehuset i Sør-Odal blei det fødd to gutar i desember 1953, den eine 22. desember og den andre 23. desember. Dei blei forveksla.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Bytta babyar på grusvegen

Babyforbytinga i Sør-Odal i 1953 må ha ført til eit utenkjeleg dilemma for dei to familiane. Skulle dei behalde gutane dei allereie hadde knytt sterke band til, eller bytte?

Dei bestemte seg for det siste. Det føregjekk på ein grusveg i den vesle bygda.

Medan smågutane låg i vogna, trilla mødrene mot kvarandre, stoppa vognene og bytta babyar. Så gjekk dei vidare og heldt fram livet.

– For oss, Per og meg, har det ikkje vore noko problem. Det er jo foreldra, og først og fremst mødrene, dette har vore tøft for, seier han.

Sør-Odal sykehus
Foto: Oddgeir Øystese / NRK

I ein tidlegare versjon sto det at sanitetskvinnene dreiv fødestover fleire stader i landet saman med det offentlege. Så langt NRK kjenner til var sanitetsforeiningane gjerne åleine om drifta. Dette er no retta.

Hei

Hei! Har du tips eller innspel, ta gjerne kontakt!