Hopp til innhold

Fleire babyar kan ha blitt bytta om på fødestove

NRK fortalde nyleg historia om Mona som blei bytta om på fødestova i Herøy på Sunnmøre. No viser det seg at ho truleg ikkje var den einaste.

Sanitetshuset på Eggesbønes. Huset vert i dag brukt mellom anna som kontorbygg.

Her blei det fødd rundt 100 barn kvart år på 50- og 60-talet. Rutinane for merking av nyfødde var ikkje som i dag.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Gerald Pettersen (70) i Bergen skvatt då han såg NRK Dagsrevyen sist helg om Mona som kom vekk frå den biologiske mora si på fødestova.

Det skjedde på fødestova på Eggesbønes i Herøy på 60-talet.

Der blei også Gerald Pettersen fødd, vel ti år tidlegare. Og også han skal ha blitt bytta om på fødestova. For mora var det ei skakande oppleving.

– Mamma klarte aldri å gløyme at ho fekk ein framand gut i armane sine, seier han.

Mora, Hagny Warholm Pettersen, døydde i 2003.

Pettersen seier hendinga på fødestova var traumatisk for mora. Mange gonger gjennom livet snakka ho om det som skjedde på fødestova i 1952.

Gerald Pettersen

Gerald Pettersen blar i gamle fotoalbum. For mora var det vanskeleg å tenkje på at han kunne ha blitt forbytt.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Heftig diskusjon på fødestova

Gerald Pettersen huskar naturlegvis ingenting, men var midtpunkt for det som kunne blitt ein skandale i februar 1952.

Likevel er han snar med å legge til at situasjonen på ingen måte kan samanliknast med det Mona har opplevd, som først oppdaga forbytinga etter 60 år.

Vel ti år tidlegare var hans eiga mor innlagt på den same fødestova på Eggesbønes, og fekk ein velskapt gut. Same veka kom to andre smågutar til verda. Då det var tid for amming ein dag, skal mora ha fått inn babyen til ei av dei andre kvinnene.

– Det blei ein heftig diskusjon. Dei ville ikkje ta babyen tilbake, fortel Pettersen.

Mora gav seg ikkje og sto på sitt. Ho kjende ikkje igjen babyen ho hadde fått opp i senga. Til slutt skal dei tilsette ha gitt etter og etter ei lang stund skal mora ha fått tilbake sin eigen nyfødde son.

– Takka vere at ho hadde styrken til å stå imot autoritetane gjekk det heldigvis bra for vår familie sin del, seier han.

Gerald Pettersen

Her var Gerald Pettersen ein liten gut, heime i Herøy på 60-talet.

Foto: privat

Hadde mareritt

Hilde-Gunn Ommedal, tidlegare Pettersen, var 10 år gamal storesyster og seier det som hende var ei påkjenning for heile familien. I ettertid hadde ho fleire gonger mareritt om at veslebroren forsvann med ein framand familie.

– Vi kunne fått ein annan som ikkje var den rette broren vår, og visst om at vår gut var på ein annan plass, sukkar ho.

Ho meiner det hadde vore uuthaldeleg dersom familien først etter nokre år fekk vite at dei hadde eit forbytta barn. I ettertid skal dei ha fått beskjed om at rutinane blei endra og at barna blei merka for at noko slikt ikkje skulle skje igjen.

Ho synest difor det Mona opplevde fleire år seinare, er endå meir alvorleg. Syskenparet seier dei ikkje klarer å setje seg inn i det som kvinna i 60-åra har opplevd og at ho har deira sterkaste medkjensle.

Gerald Pettersen på fanget til mor, Hagny Warholm Pettersen. Storesyster Hilde-Gunn til høgre. Bak: Mia Lindström, mor til onkel Lennart.

Gerald Pettersen på fanget til mor si, Hagny Warholm Pettersen. Til høgre sit storesystera, Hilde-Gunn. Mor til onkelen, Mia Lindström, bak.

Foto: Lennart Lindström

Kan ikkje utelukke fleire saker

Dei siste dagane har kommuneleiinga i Herøy blitt kontakta av endå ein familie der babyane skal ha blitt forbytta i kort tid. Det skal ha skjedd på 60-talet. Kommunen veit ikkje om det kan vere fleire, og skjønar om folk i Herøy er urolege.

– Kommunen kan ikkje utelukke at det ikkje er andre hendingar som har skjedd på fødestova, seier kommunedirektør Trond Arne Aglen.

Kva gjer de no for å kartlegge dette?

– Kommunen gjer ikkje noko spesielt for å granske det som eventuelt har skjedd på fødestova tidlegare, seier han og viser til at det var sanitetskvinnene og deretter fylkeskommunen som sto for drifta på 50- og 60-talet.

Dei fleste som arbeidde på fødestova på 50- og 60-talet lever ikkje lenger og kan ikkje stadfeste kva som eventuelt skjedde.

Trond Arne Aglen, kommunedirektør i Herøy kommune på Sunnmøre.

Kommunedirektør Trond Arne Aglen har blitt kontakta av nye familiar etter at saka om Mona blei kjend. Han seier kommunen har fått tips om ei forbytting på 50-talet og ei på 60-talet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fryktar at det kan ha skjedd fleire gonger

Gerald Pettersen er skodespelar og i mange år jobba ved Den Nationale Scene i Bergen. Han har sjølv blitt far og bestefar.

Han seier han mange gonger har tenkt på korleis livet kunne blitt – dersom mora ikkje oppdaga det som skjedde.

Han stiller seg no spørsmål om fleire kan ha opplevd forbyting, ikkje berre på fødestova på Eggesbønes på 50- og 60-talet.

– Det kan sjølvsagt vere at det har skjedd fleire gonger der – og andre stader i landet, seier han.

Den andre guten som blei forbytt lever ikkje lenger, og hadde ingen etterkomarar.

Sanitetshuset på Eggesbønes, Herøy kommune

Sanitetshuset på Eggesbønes i Herøy. Her var det i lang tid fødestove.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Hei

Har du innspel eller tips? Ta gjerne kontakt! 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL