Det seier justisminister Odd Einar Dørum i eit svar til stortingsrepresentant Elisabeth Nørve, som spurde om framdrifta.
Leiar Nils Myklebust i Sogn og Fjordane Fiskarlag er ikkje imponert over den politiske entusiasmen til Dørum.
Fire år sidan vedtaket
I 2001 vedtok stortinget å leggje ein base for redningshelikoptertenesta til Florø. Det var etter at helikopterbasen på Vigra vart lagd ned, og fiskarlag og stortingsrepresentantar frå begge fylka rundt Stad hadde lagt eit sterkt press for å få redningshelikopter i Florø eller på Vigra.
Ingen ting skjedd
Fire år etter vedtaket er ingen ting skjedd. Dørum seier dei treng minst seks månader på å vurdere tilbod, og så 18 månader for å spesialbestille helikoptera.
![Nils Myklebust, arkiv Nils Myklebust, arkiv](http://img.nrk.no/img/396890.jpeg)
Nils Myklebust, arkiv
- Tek vel lang tid
Leiar Nils Myklebust i Sogn og Fjordane Fiskarlag syns dei tek seg vel lang tid. - Det er trass alt ei god tid tilbake til Stortinget vedtok at basen skulle liggje i Florø. Og det hadde sikkert gått an å leige eit helikopter i mellomtida, seier Myklebust.