Tek ikkje fleire på prøvespel

Sogndal Fotball vil ikkje rekke å teste ut fleire aktuelle midtstopparar før søndagens serieopning borte mot Odd Grenland.

Jasmin Mecimovic og Peter Kovacs.

UVISST: Det er framleis uvisst om Jasmin Mecimovic blir leigesoldaten Sogndal er på jakt etter i midtforsvaret.

Foto: Rune Sjøberg

I tospann med Hannu Patronen kom Jasmin Mecimovic godt frå helgas generalprøve i midtforsvaret til Sogndal. Om han blir Sogndal-spelar er framleis uvisst.

Det nedrykksdømde eliteserielaget vann 4–2 over Strømsgodset i Drammen.

– Vi vil ta ei avgjerd i løpet av dei neste par dagane, men det er nokre andre avklaringar som vi må få først, seier assistenttrenar Håvard Flo.

Jaktar forsvarar

Det same gjeld også tidlegare Løv Ham-spelar Øystein Aksnes (21), som er nemnd som mogleg erstattar for Ole Jørgen Halvorsen.

Men det er i midtforsvaret Sogndal har størst manko. Even Hovland, Mats Solheim, Isak Scheel og Vegar Gjermundstad har alle reist frå saftbygda. I tillegg er Per Egil Flo, Eivind Daniel Røed og Espen Næss Lund ute med skade.

– Vi ser etter ein låneavtale og trur det vil vere løyst til seriestart. Det er eit par spelarar, utanom Jasmin, som vi vurderer, seier Flo.

Rekk ikkje å teste

Flo vil ikkje kommentere kva spelarar det er tale om, eller kvar dei kjem frå.

– Men den eine kan vere norsk, seier den tidlegare Sogndal-, Aarhus-, Werder Bremen og Wolverhampton-spelaren.

Tom Mangersnes (f.v.), Håvard Flo, Jonas Olsson og Terje Skjeldestad.

HOVUDBRY: Tom Mangersnes (f.v.), Håvard Flo, Jonas Olsson og Terje Skjeldestad arbeider intenst med å finne den rette midtstopparen.

Foto: Øystein Fossum

Han vedgår at tida byrjar å renne ut med tanke på ein leigesoldat i midtforsvaret. Klubben vil ikkje hente inn fleire spelarar som får høve til å vise seg fram på trening før seriestart.

– Er ikkje det eit sjansespel å hente spelarar utan å prøve dei først?

– Det er alltid forbunde risiko med det. Det er klart at vi skulle hatt dei her og testa dei ut, men vi har sett dei i aksjon. Både nyleg og ikkje fullt så nyleg, seier Flo.

Video Sogndal slit i forsvar.

SJÅ: Sogndal slit i forsvar framfor seriestart.