Hopp til innhold

Tiltalt for å ha avliva sauer utan bedøving – kan få åtte månader i fengsel

Ein mann frå Florø risikerer fengselsstraff for å ha kutta strupen på to sauer, utan at dei var bedøva. Sjølv hevdar han å ha handla i tråd med norsk lov.

Sogn og Fjordane tingrett

KAN BLI FENGSLA: Ein florøværing kan bli fengsla for å ha avliva dyr på ein smertefull måte.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det var i fjor haust at mannen frå Florø henta seks vêrar frå Kongsvinger og frakta dei til heimbyen med hengar.

Der skal han ifølgje politiet ha avliva to av dyra ved å skjære over strupen på dei utan bedøving. Deretter la han skrottane tilbake i hengaren saman med dei fire levande vêrane.

Dei vart ståande på hengaren i eitt døgn, før også dei måtte bøte med livet.

No risikerer mannen åtte månaders fengsel utan vilkår.

– To av dyra vart avliva på ein svært smertefull måte. Vi vurderer dette som grov vald og uforsvarleg avliving, seier politifullmektig Inger Helen Stenevik.

Bondebladet omtalte saka først.

Erkjenner ikkje straffskuld

Saka gjekk for Sogn og Fjordane tingrett tidlegare i oktober. Mannen erkjende ikkje straffskuld.

Inger Helen Stenevik

POLITIFULLMEKTIG: Inger Helen Stenevik.

Foto: Privat

Lene Knapstad er forsvarar til tiltalte. Ifølgje henne står mannen fast ved at dyra var bedøva, sjølv om det ikkje vart gjort med boltepistol, slik det er krav om.

– Han har forklart at dyra vart bedøva med elektrosjokkpistol. Ein obduksjon vil ikkje kunne vise alle typar bedøving, seier ho.

Etter obduksjon vart det slått fast at dyra ikkje var bedøvd med skot før avliving.

Forsvararen understrekar at det ikkje dreier seg om halalslakting, og seier at den tiltalte ikkje kjem frå eit muslimsk land.

Lene Knapstad, bistandsadvokat

FORSVARAR: Advokat Lene Knapstad forsvarar den tiltalte i saka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Horribelt

Anders Felde er leiar for Bondelaget i Sogn og Fjordane. Han meiner situasjonen er alvorleg.

– Dersom dette stemmer, er det horribelt. Ein må overhalde nasjonale reglar, uavhengig av kvar ein kjem ifrå, seier han.

I tiltalen har politiet samanlikna saka med Lucas-dommen frå 2016. Då fekk ein mann 90 dagar fengsel for å ha drukna hunden sin.

Anders Felde i fjøsen

BONDELAGSLEIAR: Anders Felde er leiar for Bondelaget i Sogn og Fjordane.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Føregår i det skjulte

Stenevik forklarar at det er vanskeleg å oppdage brot på dyrevelferdslova.

– Men vi har likevel grunn til å tru at avliving av husdyr utan bedøving skjer i det skjulte.

Ho seier det er skjerpande at avlivinga var planlagd.

– Avlivinga er berande for straffepåstanden, men i tillegg er transporten eit moment. Dyra vart heller ikkje lossa av hengaren, og dei to som vart avliva vart flytta tilbake i hengaren, forklarar ho.

Forsvararen medgir at dette ikkje er i samsvar med god dyrevelferd.

– Men det er skilnad på etiske vurderingar og kva som er ulovleg og straffbart. Eg meiner tiltalte ikkje kan straffast for dette, seier ho.

Dommen er venta i slutten av månaden.