Hopp til innhold

Fryktar han må kjempa mot storbrann åleine: – Avhengig av flaks for å redda liv

Brannmann Arve Ribesen er redd for å møta opp åleine på stasjonen når alarmen går. Fleire brann- og redningsvesen oppfyller ikkje krava i dag, ifølgje ein rapport.

Arve Ribesen

Arve Ribesen er ein av berre tre brannfolk som har sin faste jobb i Skånevik. Det har vore tilfelle der berre ein eller to har møtt når alarmen går.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Hovudbekymringa er å stå åleine. Me har trent veldig masse på hendingane me kan koma opp i. Men me har ikkje trent på å ta dei åleine. Det er ein ubehageleg tanke.

Arve Ribesen er utrykkingsleiar og tillitsvald ved Skånevik brannstasjon i Etne kommune, sør i Vestland.

Dei er for tida ti deltidstilsette ved stasjonen. Ein av dei er nytilsett og ikkje klar for oppdrag enno. I tillegg har rundt halvparten sine faste jobbar utanfor bygda, og kan ikkje møta på kort varsel.

Beredskapen oppfyller ikkje lovkrava, viser ein ny risiko- og sårbarheitsanalyse.

– Me er for avhengige av flaks, meiner Ribesen.

Skånevik sentrum

Det er fleire utsette klynger med trehus i Skånevik sentrum, og det skal ta maks ti minutt for brannmannskapa å koma fram. Frå Etne til Skånevik tek det ein halvtime å køyra, og ekstra ressursar kan difor drøya.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Verneverdige trehus i sentrum

Gamle trehus ligg tett i Skånevik sentrum. Responstida viss det byrjar å brenna her skal berre vere ti minutt.

– Husa er brannbomber. Det er berre eit tidsspørsmål før det skjer ein katastrofe, meiner Ragnvald Larsen.

Han er fjerde generasjon bakar ved Larsen Bakeri, som har halde til i Skånevik sentrum sidan 1888.

Han har også arbeidd som brannmann på deltid i bygda, og seier han fleire gonger har bede om at beredskapen blir betre.

Ragnvald Larsen

Ragnvald Larsen bur i andre etasje på Larsen bakeri. Bakeriet har han overlate til dottera, men han hjelper til ved behov.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Problem med bemanning fleire stader

Fleire brann- og redningsvesen oppfyller i dag ikkje minimumskrava til organisering, bemanning og utrusting, viser ein rapport, som er laga på oppdrag frå regjeringa.

I rapporten blir det blant anna peika på at svært mange brann- og redningsvesen opplever den økonomiske situasjonen som krevjande.

Interesseorganisasjonen Norsk brann- og redningsforum seier analysar ikkje alltid blir følgde opp.

– Me ser altfor ofte at kommunane ikkje er bevisste på ansvaret sitt og vel å nedprioritera bemanning, kompetanse og/eller utstyr i det kommunale brannvesenet, seier leiar Ketil Sivertsen.

Les også Skulen skulle bidra til fleire brann­kvinner – her er det første kullet

Første kull brann- og redning.

Andre konflikt på få år

Det har storma rundt brannvesenet i Etne kommune før.

For to år sidan førte ei varslingssak til at 18 av 28 tilsette sa opp. Konflikten enda med at Etne trekte seg ut av Haugaland brann og redning, som er eit interkommunalt samarbeid. I vel eitt år har dei drive åleine.

Les også Ei Messenger-melding antyda at brannmannen hadde starta brannen sjølv

Låve brann ned i Skånevik.

I mai i fjor utarbeidde eit eksternt konsulentselskap ei risiko- og sårbarheitsanalyse, og beredskaps- og førebyggandeanalyse for Etne brann og redning (EBR).

Rapportane slår fast at er det er ein del som må på plass for å tilfredsstilla krava i brannlovgivinga, og listar opp åtte tiltak som må på plass snarast.

Blant tiltaka er auka beredskap i Skånevik, med blant anna to personar på vakt i staden for ein. I tillegg må talet på tilsette auka frå 12 til 16, ifølgje beredskapsanalysen.

Etne brann og redning la fram eit investeringsbehov på 21,4 millionar kroner i samband med budsjettet for 2024, men enda med 8,5 millionar kroner.

Dermed ligg det ikkje inne midlar til å følgja opp alle tiltaka.

Skånevik, 2019

Skånevik har fleire område der utrykkingstida berre er ti minutt. Fleire trehusklynger ligg tett i sentrum. Til omsorgssenteret er det også krav om å koma fram innan ti minutt.

Foto: Privat

Kommunen vil ha ny vurdering av beredskapen

Kommunedirektør Filippo Ballarin i Etne seier han er kjent med situasjonen i Skånevik, og at dei må gjera noko med beredskapen der.

– Me er uroa for at me ikkje klarer å rekruttera folk.

Likevel meiner han analysen ikkje tek nok omsyn til dei økonomiske rammene i kommunen, og vurderer ein ny analyse.

– Me må sjå meir på kor mykje alle tiltaka kostar ut frå den effekten me oppnår.

Filippo Ballarin, kommunedirektør i Etne

Kommunedirektør Filippo Ballarin meiner analysane av beredskap ikkje har teke nok høgde for den strame kommuneøkonomien i Etne.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Det er allereie gjort grundige vurderingar av kva som må til. Eg ser ingen grunn til å gjera nye, seier brannsjef Finn Ulvund.

Han deler uroa til brannfolk i kommunen.

– Det er openbert for dårleg beredskap til tider.

Avisa Grannar har også skrive om konflikten.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at Etne bruker meir pengar på brann- og ulukkesvern enn både landsgjennomsnittet og snittet i Vestland.

Netto driftsutgifter per innbyggar i Etne var nesten 3800 kroner i 2022. For landet totalt låg utgiftene på dryge 1400 kroner.

Arve Ribesen på Skånevik brannstasjon

Brannstasjonen i Skånevik har fleire manglar, viser analysane av beredskap og førebyggande arbeid.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Nabohuset brann ned

Verneombod Vigleik Gutubø i Etne brann og redning er uroa for kollegaer som har varsla om arbeidssituasjonen. Han vil varsla vidare til Arbeidstilsynet.

– Dette utgjer ei stor psykososial belasting, og situasjonen er uhaldbar, meiner han.

Bakar Ragvald Larsen minnest ei romjul Skånevik sentrum stod i fare.

Natt til 1. juledag 2014 brann nabohuset til bakeriet ned til grunnen. Det var berre så vidt brannen ikkje spreidde seg.

Det var skremmande. Takrennene smelta, og vindauga sprakk og ramla inn i konditoridelen i bakeriet vårt. Det var berre snakk om minutt før det tok full fyr også her, seier Larsen.

Brann i Skånevik sentrum 2014

Brannen i Skånevik i romjula 2014.

Foto: Tore Tendal / Skånevik brannstasjon