Hopp til innhold

Skulen skulle bidra til fleire brann­kvinner – her er det første kullet

I årevis har brann- og redningstenesta vore underrepresentert av kvinner. Den nye fagutdanninga skulle gi større mangfald. Men ingen kvinner kom inn.

Første kull brann- og redning.

HISTORISKE STUDENTAR: 20 menn kom inn på det rykande ferske fagskulestudiet brann, redning og samfunnstryggleik. Om to år er dei ferdig utdanna brann- og redningspersonell.

Foto: DSB

«Ta ein titt på denne gjengen: dei er nemleg historiske!» skreiv Rogaland brann og redning under eit bilete på Facebook.

Dei 20 mennene på bilete hadde fått plass på fagskulestudiet som skulle bidra til meir mangfald mellom kjønna i brannvesenet.

– Det var eit ganske uheldig bilde på det vi ønsker oss, seier Lill-Marit Overvik.

Lill-Marit Overvik

Lill-Marit Overvik gjekk frå jobb i psykiatrien til brann- og redningstenesta i 2010. Sidan det har ho engasjert seg for å få fleire kvinner inn i brann- og redningstenesta.

Foto: Trøndelag brann-og redningstjeneste

Ho er utdanningsmester i Trøndelag brann- og redningsteneste. Før det jobba ho 13 år i beredskap.

I tillegg er ho leiar i nettverk for kvinner i brann og redning og har tidlegare uttalt seg om fordommane kvinner møter i brannyrket.

Fagskulestudiet Brann, redning og samfunnstryggleik er heilt nytt, og studentane hadde nyleg sin første dag.

Men kor blei det av alle kvinnene?

  • Kampanjar for å auke kvinneandelen i mannsyrke har vore forbausande mislykka, skriv Gudrun Njå i denne kronikken.

Mennene får fleire tilleggspoeng

– Vi skulle sjølvsagt sett eit større mangfald i det første opptaket, seier Ann Christin Rognmo Olsen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Ann Christin Olsen-Haines, seksjonssjef i avdeling for forebygging og sikkerhet

Ann Christin Rognmo Olsen er seksjonsleiar i DSB.

Foto: Mads Thygesen / NRK

Ho er seksjonsleiar for førebygging og utdanning i avdeling for brann og redning.

NRK har i årevis skrive saker om den låge kvinnedelen i brann- og redningstenesta. Ulike røyster har peika på utfordringane og løysingar. Vist til at politiet får det til, men ikkje brann og redning.

– Vi meiner den nye fagskulen er eit viktig tiltak for å få fleire med ein annan bakgrunn inn i brann- og redningsvesenet, seier Olsen og peiker på at når den nye skulen er på plass i Tjeldsund vil dei ta opp 80 studentar kvart semester.

Hadde det første kullet vore 80 denne gongen, ville åtte av desse vore kvinner. For av 680 søkarar var det 106 kvinner.

– Er du fornøgd med 8 av 80?

– Eg tenker at vi skal enda høgare i framtida, men dette er eit langsiktig arbeid, seier ho.

På den nye fagskulen har søkarane fått tilleggspoeng for fagbrev. Dette kan ha bidrege til at mennene har sanka fleire poeng enn kvinnene, ifølge DSB.

Fjerna krav – hadde ingen effekt

Dei ferskaste tala frå DSB viser at kvinnene utgjer 6 prosent av alle tilsette i brann- og redningsvesenet. I 2017 var prosentdelen fire.

Ofte blir dei tøffe fysiske opptakskrava trekt fram som grunn til at kvinnene er underrepresenterte i brannvesenet.

Det finst ingen nasjonale føringar for kva desse skal innehalde, og dei varierer frå branndistrikt til branndistrikt.

Men Overvik trur ikkje det er krava som er hovudproblemet.

– Er problemet for få kvinnelege søkarar?

– Eg trur det kanskje er ein miks av begge to. Men kanskje mest at for få kvinner søker, seier ho.

Men å få kvinnedelen opp er viktig.

Tar lang tid å endre

– Brann- og redningstenesta skal atterspegle befolkninga. Fleire typar bakgrunnar, utdanningar og mennesketypar gjer at ein løyser oppdrag på ein betre måte. Også blir det eit godt klima for oss som jobbar her, seier ho.

Men for å få til endring trengst det vilje, merksemd og tydeleggjering, meiner Overvik.

I mars er mangfald i brann- og redningstenesta tema på brannvernkonferansen til DSB. I tillegg er det venta ei stortingsmelding om brann- og redningstenesta.

I rapporten som blei levert inn til politikarane i juni i fjor, blei den låge grada av mangfald trekt fram som ei viktig problemstilling.

– Så må vi huske på at vi må byrje ein plass. Skal du endre noko som har vore ganske stabilt over mange, mange år, tar det litt tid, seier Overvik.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg